onsdag 6. juli 2011

Ein sjømann har gått i land....

Då har guten vendt nasen heim igjen etter 5 dagar segltur og nokre dagar avslapping hos sin far. Seglturen hadde gått fint og han er nøgd. Båtførarprøven er i boks, men det kan bli laaaange 1,5 år å venta til han blir 16 år og sertifikatet kjem i posten:-) Han har hatt det veldig kjekt, og eg trur dette er ein tur og måte å ta båtførarprøven på som kan anbefalast. Følg med på sida til Norges Redningsselskap hvis du har ungar eller kjenner nokon som kan tenka seg ein slik tur - kanskje dette er noko dei gjentar til neste år. Eg har, utruleg nok, ikkje baka noko kake til den store heimkomsten, men litt kos unna vi oss no likevel:

Mmmmmm.....is med div. sjokolade på :-)


Titt titt, TITT TITT, TIIIIIIITTTTT TIIIIITTTTT !!! Nei, ikkje tale om at han skulle sjå på mor...

Då får vi ei lita veke i saman før han tar ut til Os igjen for å gifta vekk far sin..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)