fredag 8. juli 2011

Offisielt Eik meisterskap i Plenklyppartraktor køyring!

Har du større båt enn naboen? Finare bil kanskje? Eller moglegvis mykje større óg finare hytte? Her på Eik er det plenklyppar traktor som står i fokus fortida. Fyrst kjøpte den eine naboen seg ny plenklyppartraktor - og då tok det sjølvsagt ikkje lang tid nestemann måtte ha det samme. Her er jo så store vidder å slå at tanken på å kjøpa ein på deling ikkje var aktuelt...Sjølvsagt kjøpte dei seg heller ikkje like, og då veit ein kva som skjer - diskusjonen går høgt om kven som har den beste! Dvs eg har ikkje høyrt eit pip om korleis dei klypper gras, kun diskusjon om kven sin som er raskast. Og i dag var dagen komen for å finna det ut og vi har halde: Offisielt Eik meisterskap i plenklyppartraktor køyring!

Pimp my ride! Fars plenklyppartraktor kom utan ekstra effekter - slikt løyser vi sjølve...

Liten prøvetur for å testa at alt sit som det skal...

 Alt i orden, og då er det bare til å komma seg på plass på meisterskapsarenaen...
Ser staseleg ut?

 Utsyking før alvoret sit inn..


Pompel og Pilt, evt. omvendt, klar for den store kampen!

Beklagar at denne er "litt skeiv", men eg fekk rett og slett ikkje til å snu på videoen. Hvis ein vrir litt på hovudet får ein likevel med seg kven som vann fyrste dyst - det var ein best av 3 konkurranse!


 Vinnaren av runde 1 var så oppglødd at han gløymte å trykka på gassen i runde to - dermed tok den lille grønne ut og vips så var resultatet 1-1...


 I runde 3 vart det gjort eit innbyte av sjøfør på den eine doningen, men det hjalp ikkje så mykje...


....far vann tevlinga suverent 2-1 og kan dermed kalla seg "Eiks Meister i Plenklyppartraktor køyring 2011!. Då vanka det sjølvsagt medalje!

No er det snakk om både turbo og trimming, så ein skal ikkje sjå vekk i frå at det må haldast fleire meisterskap i framtida :-)

Synes du foressten at du drar kjensel på parasollen på vinnardoningen, seier du?

Det er ikkje så rart - dette er parasollen med 9 liv...








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)