søndag 10. juli 2011

Den tøffaste dama i gjengen....

...er Sandra! For 5 år sidan kom ho heim til gamlelandet etter å ha jobba på ambassadane i Tyrkia, Tyskland, USA, Sør Kora og Argentina. Trur eg fekk med alle der? Argentina var vel forresten eit sommarvikariat ho tok på seg etter ho kom heim... Og sjølv om dama er rastlaus og har flytta i frå leilighet til leilighet i Oslo, trudde vi ho no hadde slått seg til ro i hovedstaden. Så slepp ho bomba (kanskje litt dårleg formulert med tanke på kor ho skal....) - no skal ho ut på tur igjen! Til KABUL! I Afghanistan! I to år! Dama er ikkje lettskremt, det skal ho ha :-) No er ho heima på ferie før ho tar ut og gårsdagen brukte vi på utflukt til Bondhusvatnet.

Kven skulle tru at denne dama nett fylte heile 40 år? Ikkje dei på Vinmonopolet på Husnes i allefall... Er eg foressten den einaste som ikkje blir spurt om å visa bevis der ute for tida??


Vi stoppa fyrst og åt eit godt måltid i Olaløo :-) 


Inger Lise hadde kun hatt ein pubkveld i Olaløo enda - den tru eg må ha vore vellukka..... 


Med kroppen full av mat, var det på tide å kle seg om til å traska tur i drittværet!


To våte, men likevel blide kråker på veg til Bondhusvatnet :-) 


Litt natur. 


 Bondhusvatnet m/Bondhusbreen i bakgrunnen ein regnfull dag.

Denne blide og våte kråka var óg med..


Så var det heim og ta seg ein varm dusj, kle seg opp og stilla på kaien til Marit for den obligatorsike champagen før vi avslutta dagen/natta hos Systrene Nilsen :-) (Det var ei lita kvit løgn - vi havna på eit lite nachspiel etter Systrene Nilsen før vi tusla heim...) Eg trur vi kan slå fast at det var ein velluka og kjekk dag/kveld/natt :-)

Strutseveddeløp!! Ugdommen ser på film og der er det no STRUTSEVEDDELØP! Hmmmmm...kor kan ein kjøpa struts??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)