onsdag 13. juli 2011

Ahh, sola skin....

....vi pakkar i bilen og susar avgårde:-) Aircondition anlegget virkar ikkje, men idag slepp vi hakka tenner - istadenfor kan vi køyra med vindauga på vidt gap! O' sole mio!

Klar for avgang...

Innover fjorden går ferda- ein gammal "Hits for Kids" CD på full guffe - minnar meg om at det nok er på tide å skaffa seg noko ny musikk...

Ferjekø på Årsnes...

Gjermundshavn - here we come!

Så er vi på vegen igjen. Forlet fort Kvinnherad og entrar Kvam. Åååhh, byrjar ikkje denne turen å bli lang nok no??? Nærmar oss Mundheim - kanskje ta ein stopp der??

Jepp, tar ein stopp på Mundheim og kvittar meg med passasjeren som får fortsetja reisa utan meg....


..og vips så var eg i ferjekø igjen..

Bilen framføre meg er så snill å ha radioen så høgt på at eg får med meg at Heikki Holmås vil ha vin og sprit utav taxfree butikkane - og trur det ikkje vil gå utover salget. Folk vil bare kjøpa det dei skal ha på Vinmonopolet i stadenfor. Eh..javel - opp med handa alle som som trur han har rett idet? Så høgt har naboen radioen på at når ferja kjem strekkjer eg ut handa og prøvar å skru ned lyden på min bilstereo...


Over fjorden igjen.. 

Ein liten køyretur til og så...


Home sweet home :-)


Det var dagens road trip: Uskedalen - Mundheim tur/retur, 3 timar.  Dåke trudde vel ikkje at globetrottaren A. Enæs hadde tatt ut på ferietur??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)