torsdag 14. juli 2011

Innbyggjarpartiet & Einar Saghaug....

....har starta valgkampen! På Husnesnett.no igår foreslo dei å oppretta 5 bompengeinnkrevingsplassar i Kvinnherad for å finansiera div. vegutbetringar i kommunen! For ein STRÅLANDE idè - heilt i mi ånd! Eg er dog litt snurten over at det er Innbyggjarpartiet som kjem med dette forslaget før meg... Men, no er tanken sådd og i motsetnad til politikarane gjer eg om tankar til handling på ein blunk - ingen skjemavelde her i gården. Eg har faktisk òg mange ting eg har lyst på som ingen andre vil finansiera for meg: Nytt kamera, Kitchenaid kjøkkenmaskin, ny pc, ny sofa, hus etc. etc. No har Innbyggjarpartiet altså gjeve meg ideen til ei løysing på dette problemet: Frå og med i dag er Eik hermetisk lukka for all inn- og utfart for alle som ikkje betalar bompengar!!

Eg har, som dåke ser, allereie fått satt opp bomstasjonen nede ved hovudvegen. Her vil eg òg, når eg har tid og anledning, selja vaffelkaker, sjonglera med ballar, driva med flammesluking og ein bischen jodeling - alt sjølvsagt mot ein liten ekstra pengeslant...


Det vil bli satt opp liknande bompengepasseringar ved vegen nede på Tveitane, på Padlane og ved alle grindene opp mot Flåtene - i tillegg til alle sidevegar. Vi har òg, tru det eller ei, div. serverdighetar her ute på Eik som ein kan ta i bruk mot å betala litt ekstra bompengar:

Postvegen for dei gamle f.eks....

...dvs. stien i frå mor og fars altan og opp til postkassane. Her reknar eg med det skal gå ann å få leiga seg ein guide på turen, om ynskjeleg. Ein må då sjølvsagt rekna med å betala litt ekstra.

Når vi snakkar om post - eg ser ingen grunn til at postmannen skal sleppa unna...

Ingen kjem lenger til naboen utan om gjennom meg...

Som dåke sikkert legg merke til har eg lagt på 5,- kr på prisen for å passera trappa mi. Det er kun av forretningsmessige orsaker. Kvar gong Martin kjem og sel VG til meg for kr. 20,- skal eg no tjena
kr.  5,-!

Eg ser ikkje for meg at dette blir hverken eit kortsiktig eller langsiktig prosjekt - dette blir nok ei permantent ordning til evig tid. Eg reknar med dette tiltaket blir så populært at eg snart kan slutta i jobben og bli bompengeinnkrevar på heiltid - det er tross alt lange avstander her og mange hattar som skal tømast kvar dag :-)

Då står det bare igjen å ynskja alle VELKOMMEN til vakre Eik!

......tralla lalla...i en sofa fra IKEA...hmm-hmmm...trallallallala...

PS! Eg får vel gjera merksam på at SPAR har ingenting med dette prosjektet å gjera og at eh..mh..Damvennene må nok laga seg nye plakatar til neste års Aktivitetsdag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)