søndag 17. juli 2011

For ei kjekk helg...

...dette har vore! Sol,varmt og bikinien har vore på både fredag og laurdag - skulle nesten tru det var sommar :-) Fredagskvelden var det tid for mysetur til Sæbøvik og festivallivet der. Den myseturen endte opp med ein heilaften i teltet og nachspiel - trur det var byrja å lysna når vi endeleg kom oss gjennom tunellen igjen :-) Mykje folk og Lucky Bullets på scenen - sabla artig kveld :-) Trudde vel ikkje når eg la meg den natta at eg skulle vera oppe igjen og plassert i hagen og solstolen kl.0915 - men det var eg faktisk!! Og der blei stort sett heile gårsdagen tilbrakt - inntil det var tid for å gjera seg klar for ein tur på Systrene Nilsen med våre tyske venner som er på plass for sin årlege fisketur i Uskedalen.

Lille Blå kosa seg òg før ho skulle innta Systrene Nilsen..


Og jammen blei det nok ein kjekk kveld :-) Mykje folk, bra musikk - fekk til og med trimma dansefoten litt :-)

To gode venner som kosa seg på Systrene Nilsen....

Tusla oss heim utpå natta - godt fornøgd med kvelden - både eg og Lille Blå :-)

I dag har eg fylgt dagens Tour de France etappe frå sofaen - minutt for minutt....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)