torsdag 21. juli 2011

Yum! Litt kos...

...må ein jo unna seg når det er sommar :-) I dag minnar i hvertfall litt om sommar, trur sola har vore framme i heile dag! Men, resten av veka har vore bedrøveleg og vi har vore heldige vi som har hatt arbeid å gå til og ikkje har måtta sitja heima og sett på regnet og lurt på korleis vi skal få dagen til å gå...Men, når ein, som eg, har gått over til sommarjobbetid 0700-1500, har ein jo mykje igjen av dagen når ein kjem heim. Og then what to do? Jo, dette f.eks.:

Man lager litt marengs....

...smører litt farge inni kakesprøyteposen..... 

...sprøyter ut nokon rundingar på ei bakepapirkledd steikjeplate...

....steikjer/tørker dei i ca. 1 time til dei seg slik ut... 

...smører på ein stor klatt med vaniljekrem blanda med kremfløyte... 

...og toppar det med f.eks. jordbær... 


..og så: Voila! Sukkertøsen i sitt ess! Dette var mat for mons altså :-)


Dette er godteri som passar godt til å kosa seg med medan ein ser på Tour de France - spesielt når det er nordmenn som vinn :-) Dei som seier sykling ikkje er spennande kan ikkje vera riktig navla - eg har jo nesten trødd hol i sofaen denne veka!


Bikiniformen??? Den skal eg bekymra meg om når sommaren byrjar neste veke og eg har starta ferien :-)

2 kommentarer:

  1. Du må jo senda ei melding bort her i nabolaget !
    Så kjem eg på prøvesmaking :P

    SvarSlett
  2. Wow Anita dem ser fantastisk!
    Corla

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)