lørdag 23. juli 2011

Ferien i år...

...fekk ein start ein ikkje i sin villaste fantasi skulle tru kunne skje! Slengte meg på sofaen når eg kom heim og slo på TV'n - trudde knapt det eg såg: Bombing midt i Oslo??? Og litt etterpå byrja meldingane om skyting på ungdomsleiren på Utøya å komma inn. Kva skjer?? Er dette mitt lille trygge Norge? Sjølv om det var mykje som skurra var mange ute med skråsikre kommentarar om kven som stod bak dette. Men i dag fekk nok veldig mange nok eit sjokk når det viser seg at gjerningsmannen er ein av våre eigne. Det er heilt ufatteleg og nesten umogleg ta innover seg at nokon kan få seg til å gjera noko slikt som dette - dette er slikt som skjer ute i den store verda og ikkje i trygge Norge. Dette er handlingar som blir begått av fanatiske mennesker med ekstreme meiningar heilt uforståelege for oss - ikkje av mennesker oppvaksen med demokrati og ytringsfridom. Men det siste døgnet har vi nok måtte innsjå at galskap ikkje kjenner noko begrensinar, men finn husrom uavhengig av religion, hudfarge, nasjonalitet osv.

Det er ikkje så mykje meir å seia - dette er ei stund der ord så absolutt blir fattige! Ein kan ikkje anna enn å senda sine tanker til og føla med alle dei som er berørte at desse avskyelige gjerningane.

Nestleder Prableen Kaur i Oslo AUF var på Utøya i går. Ho har beskreve si oppleving av gårsdagen på sin eigen blogg - det er temmeleg sterk lesing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)