tirsdag 26. juli 2011

Vi skal aldri gløyma 22.07.2011...

...datoen vil for alltid bli huska som ein av dei grusomaste dagane i Noregs historie. Mange fine minnemarkeringar for ofra er blitt haldne - fleire vil bli haldne i dagane som kjem. Sjølv har eg aldri opplevd å få slik gåsehud som eg fekk i går då eg sat aleina heima og høyrte Herborg Kråkevik synga "Til Ungdommen" medan fjernsynskamera viste oppmot 200.000 mennesker på Rådhusplassen som viste fram rosene sine.



Likevel, vi som ikkje er direkte berørt av denne tragedien, må prøva å la livet byrja å gå sin vante gang igjen. Det er ikkje så lett så lenge nyhetene surrar og går og stadig nye beretningar frå overlevande blir kjent. Men, innimellom må vi bare slå av og prøva å fokusera på heilt daglegdagse ting.


Som, f.eks. kor er sommaren i år? Eg trudde eg og Vårherre hadde ein vanntett (??) avtale om at no når eg byrja ferien min så skulle sola og varmen flomma over oss? Eg skulle sitja på stranda i frå morgon til kveld - og blei det for varmt skulle eg ta fram den, etterkvart, så berømte grøne parasollen å krypa under. Det nærmar seg no slutten på dag to i ferien og regnet silar fortsatt ned...Vel, eg har vel ikkje heilt halde avtalen eg heller - eg hadde vel lova å vaska huset før sola kom, men har så langt kun tatt stova og rydda i nokre kjøkenskap..Men, kan eg verkeleg vera heile grunnen til at sommaren uteblir?? Andre praktiske ting vi har fått gjort unna desse dagane er å endeleg somla oss i banken å få satt konfirmasjonspengane til gutungen på konto. Tenk om nokon hadde fått snusen i kor mykje pengar vi har hatt liggande i ein boks i kjøkenvindauga i månadsvis... Det er vel strengt tatt mi oppgåva å læra ungdomen opp til å bli økonomisk ansvarleg - å samla pengane sine i ein blikkboks på kjøkenet er vel kanskje ikkje akkurat den beste opplæringa så no er bankkort bestilt... Vi har vore hos gullsmeden og benytta oss av ein  tilgodelapp og i dag har vi kjøpt bursdagspresang til onkel Rune som fyller år til helga. Eg har trava to gonger rundt dalen etter gamalt - det er på tide å ta seg i saman og koma litt i bevegelse igjen. Og, dei få timane det har vore sol dei siste dagane har vi nytta til eit par båtturar.

Marit og Stian Sebastian.

Vi hadde ein fin, liten tur på fjorden søndagskvelden.


 Eit lite stykke Noreg..

 På båtur med "hjem, kjære hjem" i bakgrunnen.

 Den nye kapteinen.

 Uskedalen

 Mange båtar på sjøen denne dagen.

Og nett då vi kom inn døra etter ein fin tur på sjøen satte tordenværet i gang og himmelens sluser opna seg igjen. Eg har enda ikkje gitt opp håpet om at sommaren skal dukka opp, men det har visst naboen - i denne aguneblinken fyrer dei faktisk i omnen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)