søndag 31. juli 2011

Tåkefyrsten har slått seg ned....

...i Uskedalen denne sommaren, virkar det som. Det er overhouvudet ikkje noko spanade å trekka i frå gardina om morgonen for å sjekka været - alt ein ser er tåka som ligg langt nedover fjellsida :-( Nok er nok - i dag bestemte vi oss for å sjekka om det er sant at bakom skyene er himmelen alltid blå. Det var på tide å trekka opp i høgda, så vi satt kursen mot Blådalen! Vi blei litt usikre på om planen haldt mål der vi køyrde oppover i tåkeheimen, men den som ventar på noko godt, ventar som sagt ikkje forgjeves:

Ahh! Ingenting er så vakkert som tåkedottar som forduftar ut i det store intet :-)


Nesten så langt inn som vegen går - her var det sol og sommar! Ingen grunn til å skynda seg heim..


To nøgde sjeler på toppen av demninga :-)


Vi lo litt av dette skiltet i fjor....


....i år skjøna vi kvifor det stod der!


Litt utsikt.


I dag køyrte vi så langt  vegen gjekk - inn til Møsevatn.


 Fin lita "hytte".


 Stian har flott utsikt mot Folgefonna.


 Ganske imponerande! Hadde sikkert vore enda meir imponerande hvis ho hadde vore kvit og ikkje dekka med aske...


 Så nøgd med å ha nådd verdas ende - eller i allefall Blådalens ende!


 Tid for lunsj.


 På veg heim traff vi på dette sigøynarfylgje...


 ...pakka til randen :-)


 To nøgde jenter på campingtur med mormor og morfar :-)


 Sjølv om vi kanskje trudde dette kunne bli eit "youtube scoop", valgte vi å forlata dei då teltet skulle opp :-)


 Ein liten stopp til for å eta dessert.


 Ganske flott i Blådalen - dåke bør ta dåke ein tur :-)


Vel heima igjen hadde sola faktisk dukka fram og det blei grilling og bading på stranda.


Yes!!! Eg har alltid trudd at å ha 1.august som datoen ein skal bade innen har vore ein "safe" dato, men den siste veka har eg nok innsett at eg har vore i tidsnød! Men, sjå her - eg klarte i år òg! Eg skjønar igrunnen ikkje kva eg gliser sånn etter - det stemmer overhovudet ikkje med kva eg følte der og då! Og når eg endeleg la på svøm stod Sissel på land og informerte høgt og tydeleg : "Det tok deg bare 35 minuttar, Anita!" Det verste er at ho heilt sikkert hadde rett...


Ja, slik gjekk denne dagen - ein flott sommardag, rett og slett :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)