søndag 14. august 2011

" Eg e' sulten!"...

....er vanlegvis ein ganske så irriterande setning når det kjem frå fjortisen på sofaen - utan at han gjere noko som helst tegn til å reisa seg for å gå dei få skritta det er å gå inn på kjøkenet kor maten faktisk oppheld seg. Men, i over ei veka no har han levd på saft, cola, saftis og slikkepinne, så i dag var det kjekt å høyra "Eg er sulten!" setningen igjen. Så no ser det ut som om antibiotikaen tar knekken på djevelskapet og formen er stigande - ny sjekk hos legen i måro.

Eg vil kanskje påstå at eg kanskje har vore meir pjusken i dag enn gutungen - sneik meg avgårde på ein alder så liten jentefest i går.. Fyrst samlast vi på altanen til Ellen for mykje lått og løye.

Hm.. greit å halda auga med heimen...Kanksje ho prøvde å sjekka om ho hadde huska å slå av lyset, låst døra etc.??

Utpå kvelden luska vi oss ned på Systrene Nilsen og fortsatte festen der. Flink kar som spela live der i går - eg og Ola Matti er heilt einige der. Kaizers "Hjerteknuser" surrar no på repeat i toppen, og sjølv om eg synes den sangen er veldig fin, så er det ganske irriterande å ha den non-stop på hjernen. Eg skjønar nemleg ikkje bæret av kva dei syng, så dei einast orda som dukkar opp er "hjerteknusar" og "tankar" - resten er bare babbel...

Anyway - vi hadde det veldig kjekt :-)

To kjekke og snedne jenter :-)

Får med meg det meste i veska mi, eg: Paraply i tilfelle væromskifte - og sjå her, i ein alder av 41 og litt til, har eg byrja ta med meg skobyte på fest! Dette seier eg sjølvsagt ikkje til nokon - eg vaklar meg avgårde stilfult (!) på høge hælar til alle andre er utav syne - då er eg kjapp med å få dei av og på med joggeskoa... Det går litt kjappare å koma seg heim då enn å traska barbeint med skoa dinglande i handa slik eg har gjort i alle år før :-)


I går fekk eg endeleg vist fram storhandelen - og den einaste handelen - eg gjorde på Etnemarknaden i år: Ein BOKSETUT til øl-, cider-, brusboksar etc.!! Av alle ting dei hadde på marknaden var det dette eg kom heim med.. Har dåke sett noko så praktisk før?? Og - den funkar!! Det er jo eit faktum av vi som er utstyrt med litt større snyteskaft enn gjennomsnittet har eit problem med å få i oss alt innholdet i slike boksar - når vi har drukket oss halvvegs ned i boksen er det ei utfordring å få i seg resten utan å få whiplash! No har dette vidunderet av ein boksetut enkelt løyst dette problemet for meg! Alle lo og flirte av den nye favorittdingsen min, men eg trur dei var litt misunnelege òg....

For ordensskuld: Eg smugla ikkje drikkevarer med meg inn på Vertshuset - boksen var tømt og korken skrudd på før eg putta den i veska og tok den med inn :-)

Ellers så tok eg vel kanskje ein drink og to for mykje i går - eg har fått det for meg at eg såg Marit og Ola Matti på dansegolvet - og det opptil fleire gonger. Og kan det stemma at to-tre damer fekk det for seg at dei skulle visa og demostrera for han kor smart det er med leppestift m/speil og lys???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)