lørdag 28. januar 2012

'Allo, 'Allo....

....can anyone hear me??? Eg kviskrar - tør ikkje ropa for høgt i tilfelle nokon høyrer meg... Hovudet dunkar, kroppen er stiv og støl, eg frys og eg gulpar på noko som kjennes ut som billeg russisk vodka. Eg prøver å snu meg, men eg har ikkje plass. Det kjennes ut som om eg rullar frå side til side, opp og ned. Eg ligg samankrølla i fosterstilling i høgda, ikkje sidelengs, og prøver å erindra korleis i all verda eg enda opp her, og ikkje minst - kor i svarte er eg????


Sssss...stille som mus - eg tykjer eg høyrer noko - framand språk? Det høyres ut som om nokon har ein heftig diskusjon eit stykke i fra meg. Eg burde ha banka og ropa, men får ikkje fram ein lyd.
" Yob tvoiu mat'" - Iiiiik det må vera ein illsint russer i nærleiken, no kjenner eg at eg byrja å bli redd.. Tenke, tenke - kor e' du og kva gjere du her??? Uansett, no skulle eg ynskja eg hadde noko anna på meg enn ein liten sommartopp, miniskjørt og høge hælar. Det byrjar å bli svinkaldt - kan eg vera stengt inne på eit kjølelager??


Zzzzzz...eg må ha duppa av ei stund. Drøymte at jentene og eg sat på eit fly på veg til vårt livs utflukt - 10 dagars fotur i fjella på New Zealand. Her skulle vi studera sommarfuglar og andre insekter. Men fyrst hadde vi planlagt å leika turistar nokre dagar i Auckland. Strengt tatt ikkje naudsynt å leika turist når du er turist, når eg tenkjer meg om. Flott ver - dette var noko anna enn sur, kald, norsk vinter. På kvelden bestemte vi oss for å ta ein tur ut for å sjekka nattelivet. Pynta oss opp så godt vi kunne - kamuflerte rynker og gråe hår. Syntes sjølve vi såg riktig så snasne ut - det gjorde ikkje dei lokale dørvaktane! Vi blei nekta adgang overalt! For ein nedttur! Skuffa og vonbrotne bestemte vi oss for å tusla ein runde langs havna før vi slukøyra vendte nasene mot hotellet igjen. Det var då vi såg det - gøymt inni mellom gamle fiskekassar og pappøskjer i eit trangt smug med eit utelys som stod å blinka kunne vi så vidt skimta eit raudt skilt som hang på halvåtte på veggen - "MINI BAR". Vi høyrde latter og musikk. Best av alt - ingen dørvakt å sjå. "Å ka' farken" - vi har vel vore ute ei vinternatt før - vi prøver....


Eg veit ikkje kven som blei mest overraska då vi ramla inn døra, vi eller dei som var der frå før, det blei i allefall heilt stille i lokalet. Navnet "MINI BAR" var forresten godt dekkjande då den kun bestod av ein barkrok, 5 småbord og ein liten kvadratmeter dansegolv. Vi bestilte oss tre øl og då tok det ikkje lang tid før musikken og stemninga stod i taket. Før vi visste ordet av det sat vi på fanget til kvar vår hårete, skjegget, tannlause, skrålande og skålande sjømann. Kan veta det blei liv i leiren når vi dumpa inn - dei hadde jo aldri fått slikt fint besøk på denne plassen før! Og vi skil jo ikkje på storfolk og Jørgen Hattemakar, så her var det berre til å hiva seg med i festen. Det blei dansa på borda og eg tykkjer og at eg huskar Marit hang opp ned i takkruna - og sat ikkje Ann Irene brått å klimpra på eit piano???

Dunk - "au". Eg vaknar av at eg slår hovudet i veggen. Prøver å opna augo, men det er jo ingenting å sjå - heilt mørkt. Prøver å letta på "taket" over meg - får akkurat til å løfta det så høgt at eg får ei glipe mellom "taket" og "veggen". Konstanterar at eg er stengt inne med ein hengelås. Prøver å ta skubba litt hardare, men loket sit bomfast. Det einaste eg klarer å skimta er eit bord foran meg med flasker og glas velta om ein annan. Kontaktlinsene er fulle av skit, men eg synes så tydeleg eg ser eit bilete av Jan-Gunnar Winther pepra med dartpiler på veggen rett foran meg. Hææ? Kven er det som har bilete av sjefen for Norsk Polarinstitutt på veggen her i  New Zealand?? Kven er det som har bilete av sjefen for Norsk Polarinstitutt på veggen i det heile tatt???


Dunk -"au", det var då som pokker. Eg ikkje berre føler at eg rullar frå side til side - eg rullar verkeleg frå side til side!! Det klarnar litt i hovudet og no høyrer eg ikkje berre stemmer, men bølgeskvulp òg. BØLGESKVULP???? Eit nytt dunk i hovudet slår meg i svima...


For ein fest! Eg har ikkje hatt det så løye på år og dag! Drinkane strauma på og jentene var i sitt ess. Slik popularitet er det minst 20 år sidan vi sist opplevde - og det gjaldt sikkert våre nye vener òg :-) Vi dansa, sang, drakk, kyssa og klemte - dette var noko anna enn Dønhaugskjellaren! Men, alt må jo ta ein slutt - eller må det det? Då bareigaren blinka med lyset - eller rettare sagt slo av lyset - fekk eg grei beskjed av Vladislav:
"You come see my sailboat" " I have big sailboat" " I have many vodka".
Kven kan avslå ein slik invitasjon? Sjølvsagt skulle eg sjå Vladislav sin "sailboat" og "many vodkas". Eg fniste og kniste der eg karra med over seilrekka og ramla ned i kahytten eller byssa - eg er ikkje noko stort seilaremne....Vodkaen kom på bordet, eg snakka norsk og Vladislav russisk - saman song vi Rod Stewart's "I am sailing" på engelsk...Vi var midt i ein konkurranse om kven som kunne plukka i frå ein annan og setja i saman igjen ei russisk babuska fortast mogleg då vi høyrte lydar ute på dekk. "Oh, no - big boss coming! "Crazy - very angry see you here"! "You hide!"
Hide???? Kor i pokker skulle eg gøyma meg her???
"Don't worry - I'll talk to him" sa eg.
"No, no, you crazy too??" He listen to nobody - hide, hide". 
Eg fekk ikkje sagt noko meir før Vladislav hadde opna loket på brisken, skubba meg oppi, knepte meg saman og satt seg på loket....


"Å neiiiiiii", eg hadde ikkje drøymt av vi var på tur og fest og alt det der - det var det som hadde skjedd!! Og no ligg eg her samankrølla, innelåst i brisken på ein seglebåt, som eg er ganske sikker på at ikkje lenger ligg fortøyd i Auckland, for det er neppe så store bølgjer inne i havna der. Og for eit veromskifte vi må ha hatt for no frys eg nesten stussen av meg. Hysj - no synes at eg høyrer eit fly òg??? "Hjelp, hjelp", ropar eg inni meg og viftar med eit kvit flagg som eg sjølvsagt ikkje har.


No er det nokon som romsterer utanfor brisken. Eg løftar på loket , kikkar ut og kjenner igjen Vladislav som står og tar seg ein slurk vatn.
"Vladislav, Vladislav", kviskrar eg.
Eg formeleg ser augo hans veks og blodet forsvinn i frå hovudt hans og ned i tærne.
"Ohhh - I you forgot!", seier han skrekkslagen.
"Get me out of here", kviskrar eg.
"No, no, you stay, you stay!"
" I can't stay - I'm freezing"! Snerrar eg tilbake.
"No, no, stay, stay! Big boss crazy see you! Oh my, oh my - what to do? He kill me!"
Så kjem det nokre gloser på russisk som eg hverken forstå eller kan gjenta.
"Vladislav!!!" No kjenner eg at eg byrja bli ganske så amper og desperat.
"Don't shout, don's shout! He hear you! I find you some food" - så stikk han ein bit Mors' Flatbrød gjennom sprekken i loket til meg. Eg passar på å bita han hardt i fingaren med det same.
"Auuuuuu", brølar han ut medan han tar eit steg bakover, snublar i ei flaske på golvet og riv med seg bilete av Jan-Gunnar Winther i det han går overende.


" Vladislav, what is going on  - who are you talking to??? Høyrer eg ute på dekk.
" That fuc... drunk bastard. Nothing but problems with him! Saaaaaamueeeeeeeel! Ta roret mens jeg ser hva som foregår!"
Samuel???? Ta roret?? Finnes det nordmenn ombord??

Vladislav har kome seg på beina.
"Nothing, nothing - everything ok."
Eg prøver å rista meir på loket, men Vladislav har satt seg oppå. Eg høyrer at det kjem noko andre inn i rommet.
"Vladislav, what are you doing?"
"I'm sitting here only" seier Vladislav og fiklar med babuskaen sin.
"Clean up this room and get back on deck! You defenately need some fresh air". Seier den andre personen.
"Yes, yes, need air", svarar Vladislav. 
Akkurat i det eg høyrer den andre personen snur seg for å å gå, klarar eg å spytta ut flatbrødet og pressa ut eit "Hjelp!"
 " What did you say?"
 "I say nothing, I say nothing".
"Help" pressar eg fram igjen og brukar mine siste krefter på å rista i loket.
"Vladislav - is there someone in there???"
"No, no, nothing in here!" Eg høyrer kor redd Vladislav er i stemma.
"Slepp meg ut!!!" Ropar eg så høgt eg kan.
Eg høyrer person nummer to tar eit par steg fram, røskar vekk Vladislav i frå brisken og så raslar det i hengelåsen.
"Forbannet idiot. Han får fae...meg ikke dra med seg noe skabbete fillebikkje ombord på min seilebåt", høyrer eg vedkommande mumla medan han låser opp.
"Skabbete fillebikkje??" Eg ligg jo her med oppsatt hår, sminka frå topp til tå og i min finaste stas! Eg kjenner meg ein smule fornærma.  Og hundar ropar vel ikkje på hjelp heller??


Og der, brått går loket opp. Eg knip igjen augo i det lyset treff meg.
"Hva pokker er dette her? Og hvem i all verden er du?"
"I explain, I explain", høyrer eg Vladislav seia borti sin krok.


Eg prøver å reisa meg opp og i det eg opnar augo ser eg rett inn i andletet til  - Jarle Andøy!!!??
 "OMG", som amerikanarane seier. Hjarta hoppar over eit par slag idet eg innser kva som har skjedd - eg er blindpassajer ombord på Andøy si nye skute på god veg til Sydpolen for å finna spor etter Berserk.....

Fortsettelse fylgjer berre kanskje.....
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)