søndag 22. januar 2012

Ingen tur til Fjellhaugen....

...på oss i dag. Eg henta heim ein kar derifrå i går som sidan har lege under dyna på sofaen og hosta, harka og spydd....No er han jo så stor at han klarar seg godt utan mor ei stund, men eg bryr meg ikkje meg å køyra til fjells aleina. Og ein treng jo strengt tatt ikkje køyra heilt til Fjellhaugen for å ta seg ein liten runde på ski - vi har jo flotte skitilhøve her i Uskedalen òg. Så i dag stakk eg av ei lita stund for å testa korleis skitilhøva var ved Fjellandsbøvatnet istadenfor.
Eg blei litt bekymra for skituren min då eg stoppa ved Heio for å ta dette bilete av korleis det blas oppetter Englafjell - det blas kald vind nede ved Heio òg..

Og det blas igrunnen godt oppe ved Friheim òg. Men, det var strålande sol og eg skulle ikkje gje meg på tap. Så på med ski og langa avgårde :-) Og for ein flott, liten tur eg gjekk. Litt glatt føre og kald vind heilt til eg kom forbi "skøyteplassen" - då kom eg brått i le, føret blei litt mjukare og det var kjempeflott å gå inn til dei gamle husa ovanfor Fjellandsbøvatnet. Masse fine bileter fekk eg tatt:


















Fjellandsbø i Uskedalen ein vakker januardag.

Strålande flott var det øverst i Uskedalen i dag - eg vil absolutt anbefala dåke å ta turen :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)