fredag 20. januar 2012

Til helga er det tid for det tradisjonsrike...

...Hahnenkammrennet i Kitzbühl igjen - vel og merka hvis veret tillet det. Då er det på tide å drøyma seg tilbake i tid igjen. I 1990-1991 trudde eg nemleg at eg hadde funnet på noko veldig originalt då eg reiste til Austerrike for å vera au-pair i Innsbruck. Særleg originalt viste det seg slett ikkje å vera - det krydde av au-pairar der. Ja, faktisk så var vi tre stykker berre i frå Uskedalen - og vi var alle naboar heime.... Men, ved hjelp av språkkurs og litt familievennskap så enda vi opp med å danna "den harde kjerne" som haldt saman i tjukt og tynt heile året. Kjellrun, Marit, Grethe, Oddveig, Ane-Kathrine og meg i frå Noreg, Erica, Hillevi og Ann-Sofie frå Sverige. I tillegg hadde vi nokre som slang seg med i gjengen innimellom - Kirshi og Erja frå Finland, Lotte, Jenny og Anneli frå Sverige, Diana frå Nederland, Eli og Linda frå Noreg, Louise og Penny frå England - ja, det var sikkert fleire og som eg har gløymt ut no. Og så fantes det ein anna gjeng i frå Noreg som vi kun traff på dann og vann. Eg trur den enkle grunnen til det var at medan dei gjekk frå fjelltopp til fjelltopp i fritida si, så gjekk vi frå pub til pub - Wiener, Jolly, Prometheus, Queen Anne, Filou....No imponerar eg meg sjølv her med kva eg faktisk huskar :-) Ja, og så må eg ikkje gløyma Amichi bar, men der var det vel i grunnen berre Grethe og eg som turde gå innom.... Sjå kor flotte vi var:


Kjellrun hadde gått hen og meldt oss på ei innandørs fotballturnering (ha-ha) - og her er vi samla på vår fyrste og einaste trening :-)

 
Men, det var Kitzbühl eg skulle mimra over. Laurdag 12.januar 1991 var det nemleg klart for det 51. Hahnenkamrennet i utfor - og det kunne vi jo ikkje gå glipp av. Tidleg på morgonen tok vi toget og var på plass i målområdet lenge før start.
Her hadde vi fått forsterkingar av Anne Line og Reidun som kom med toget i frå Wien.

Eigentleg huskar eg ikkje så mykje i frå sjølve rennet. Etter mange timar i bakken og dårleg køyring av dei norske huskar eg berre at eg fraus utruleg på beina. Den einaste som ikkje fraus trur eg var Grethe - ho hadde fått seg ein fan (mannen i caps på bilete) som sørga for at ho haldt varmen ved å skjenka ho sterke saker gjennom heile dagen. Og gudane må veta kor mange filmrullar han kom heim med kun med bileter av Grethe på??

Heltane den gong då, Jan Erik Thorsen og Atle Skårdal.

Så då rennet var slutt var vi eigentleg både litt sure over innsatsen til dei norske, kalde og svoltne. Så før vi skulle ta toget tilbake på ettermiddagen ville vi berre finna oss ein plass å ete litt mat. Og kva som skjedde så veit eg ikkje heilt, men festen tok i allefall heilt av. Fyrst så møtte vi fanklubben til Atle Skårdal som sa vi måtte komme ned på hotellet der dei norske løparane holdt til. Vi gjere jo stort sett som vi får beskjed om - så før eg visste ordet av det hadde eg lettare bedugga helst på Skårdal og like plutseleg sat eg og såg reklamefilm frå Telemark med Knut Th.Gleditsch ved min side. Så bar det vidare ut i gatene - og der var det eit fantastisk folkeliv. Eg trur faktisk aldri eg har sett så mange festglade mennesker frå så mange land samla på eingong nokon gong. Eg har notert i albummet mitt at eg snakka med folk frå 12 land den natta. Eh, ja natta - eg kom meg jo aldri på noko tog heim til Innsbruck på laurdagen.... ikkje Grethe og Anne Line heller :-) Vi fann oss omsider ein plass å eta - og det var vel her tungsinnet vårt verkeleg forsvann.

Grethe hadde brått fått seg ny hatt....

 
...og eg huskar enda kor imponert eg blei av dette synet - Anne Line midt mellom ein gjeng som song tyske drikkeviser for full hals - og jenta kunne teksten!!!

Det gjekk jo som det måtte gå - medan resten av gjengen reiste heim, blei Grethe, Anne Line og eg verande. Eg kan ikkje huska at vi ofra det ein tanke at det var midt på vintaren og vi ikkje hadde noko plass å bu? Kanskje vi satsa på å halda det gåande så lenge at vi kunne gå rett på eit tidleg tog? Eller slå til på tilbodet om å få sova i bilen til to norske studentar som hadde køyrt frå Munchen? Vi bekymra oss i allefall ikkje om det der vi gjekk frå pub til pub - heile Kitzbühl var berre ein stor fest den kvelden/natta. Ikkje trong vi bekymra oss heller, utpå natta blanda vi oss nemleg med Skårdal sin fanklubb igjen, og før vi visste ordet av det sat vi på bussen ut til hotellet dei budde på. Det var ei norsk dame som dreiv det, så dei trudde ikkje det skulle bli noko problem å få oss inn. Det vart det heller ikkje :-) Eg blei lova plass på rommet til ein kar. Han hadde bare gløymt ein ting - at han hadde dame - og at  ho låg å sov på rommet - og at ho ikkje kom til å bli så begeistra over lovnaden hans. Så medan han prøvde å overtala ho, smatt eg inn på rommet til dei andre. Men, han kom no etter og gav meg pute og dyne :-) Eg trur foressten ikkje vi var dei einaste dei hadde forbarma seg over, for på det rommet låg det folk både høgt og lågt. Og medan eg som sagt hadde fått både pute og dyne, måtte Grethe og Anne Line (og Jens) sova under eit stort, norsk flagg :-)

 
Unge lovande med ein politimann i frå Telemark. Det var igrunnen han som eigde rommet alle blei plassert i. Han må ha sove godt for han merka ikkje at rommet blei fylt opp og var ganskje forundra då han vakna: " Har alle dere sovet her??". Sjekk gensaren - strikka på gefühlen etter eiga hovud :-) Og skidressen går mor tur i enda, så den må vera slitesterk...

 
Det var litt av ei helg - ei av dei kjekkaste eg har hatt nokon gong faktisk. Dagen derpå reiste vi inn til Kitzbühl igjen. Då var det slalom, men det hadde vi slett ikkje råd til å betala oss inn på - vi hadde brukt opp rubbel og bit av det vi hadde av pengar. Faktisk har eg notert ned at vi fekk mesteparten av festen betalt av nokre sveitsarar - det kan eg slett ikkje erindra. Så det enda med at vi måtte sitja på kafè nede i Kitzbühl og sjå slalomrennet som foregjekk eit par hundre meter ovanfor oss på TV....

Ja, det var tider det. Eg trur vi var ganske slitne, men akk så fornøgde då vi kunne ta toget heim til Innsbruck  utpå søndagen :-)

PS! Eg har ikkje spurt om å få legga ut desse bileta, men eg tenkjer jentene tåler det ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)