lørdag 14. januar 2012

Måtte tidleg opp i dag...

... for å køyra to ungdommar opp i Fjellhaugen for å stå på ski. Sjølv syntes eg det var både synd å skam at eg måtte køyra ned at frå fjellet utan å ha gått så mykje som ein meter på ski - nesten så eg håpa på at ingen såg det.. No viste det seg jo at ungdommane heller ikkje kunne skryta på seg noko lang skidag - trekket stod stille og dei ringte etter skyss heimatt utan å ha stått så mykje som ein runde.

Men, det ana eg ingenting om, for eg hadde andre planar for dagen. Naturbarna skulle nemleg ha årets fyrste fjelltur i dag - til fots. Hittil har det nemleg vist seg å vera ganskje så vrient å få dei andre to damene til å ta ski på beina. Eg har ein jobb å gjera der - ein ganskje stor jobb faktisk, i fylgje far Hjønnevåg :-) Men, eg synes å ana at eg fekk dei litt på glid i dag, så eg er optimistisk for resten av sesongen :-) Men, i dag blei turen altså lagt til Kjellhaug - til fots.

Marit og eg la i veg opp Tormod sin veg:

Tenk å forlata flotte skiløyper for å traska opp her til fots..

Uskedalen i dag.

Eg blei litt flau når eg gjekk opp her i dag. Nokon av dåke huskar kanskje at eg hadde ein nær døden opplevelse på denne vegen i fjor høst - der eg var sikker på at eg vart forveksla med ein hjort og blei skoten etter. Og at eg snudde sporenstreks og sprang opp til Ådnaklett igjen? I dag oppdaga eg at om eg hadde gått ca. 50 meter lenger ned så hadde eg vore ute av skogen..... Og det er nok lite sannsynleg at nokon stod å skaut hjort på ope jorde på høglys dag... Skota eg høyrte kom nok sikkert frå andre sida av dalen så eg hadde nok vore ganske trygg om eg hadde fortsatt vegen ned... 

Det gjekk litt tungt i dag, kondisen er ikkje heilt på topp etter jula, men brått hadde vi nådd Ådnaklett:

Og her stod siste mann og venta...

Gjengen var dermed samla og det var berre til å...

....legga i veg siste stykket opp mot Kjellhaug.


Frå og med Ådnaklett var det ein del snø og tildels glatte partier. Eg vil vel kanskje anbefala at ein tar med seg stavar om ein skal gå her på slikt vinterføre som i dag.


Spanande dyrespor - kan det vera hare, elg eller antilope??? Eg er slett ikkje sikker, men her var eg ikkje i tvil....

BIGFOOT!!! 


Eller, nei, det var visst berre Marit på sine nye truger :-)


Hvordan skaffe sin egen lille tråkkemaskin?? Finn ein passande anledning - f.eks ein 40-årsdag - kjøp truger - og innbill vedkommande du overekk dei til om at desse, desse vil han/ho få mykje bruk for og glede av :-) Vi syntes Marit klarte seg veldig bra på dei nye trugene sine...


....veldig bra faktisk..

Kjellhaug er nådd og her fekk vi flott utsikt mot Rosendalsfjella.


Nøgd med å ha nådd målet for turen - Uskedalen i bakgrunnen.

På turen i dag hadde vi fordelt oppgåver:

Bålsjefen Ann Irene skulle ha med ved og grillpølser....

...eg skulle ha med tennbrikketter og turdeig til pølsene...


..og Marit skulle ha med kaffi og Ketchup. Ketchup Marit???

Ketchup eller ikkje - kosa oss gjorde vi no uansett....

.....alle tre


På Eik byrja dei å senda opp røyksignal for å få kontakt med oss, men anten så slurva vedkommande med stavinga, eller så er vi litt rustne på å lesa røyksignal, for dette skjøna vi lite av :-)


Grillpinnar derimot skjønar vi oss på. Dei er ganske så anvennlege og kan brukast til det meste. Som f.eks rørepinne til rett-i-koppen-solbær-toddy :-)

Det var flott på Kjellhaug i dag - snø, vindstille og ikkje for kaldt. Men, vinter er vinter så då vi hadde grilla oss ferdig byrja det å bli litt kaldt å sitja i ro. Så då var det eigentleg berre til å pakka saman sakene sine og...

..tusla heimatte.


Eg trur alle tre var vel fornøgde med årets fyrste fjelltur, så dette lover godt for resten av året. Ja, akkurat no syntes eg turen var verdt dei to-tre timane med dundrande hovudverk etter at eg kom heim....


Jentene ville foressten ha oppskrifta mi på turdeig til pølser, og den finn dåke her:


Turdeig til pølser:
3 dl mjølk
25g gjær
1 ts salt
2 ss olje
1 ss sukker
Ca. 8 dl kveitemjøl
1 ss olje

Løys opp gjæren i lunka mjølk. Ha i salt, olje, sukker og kveitemjøl. Elt saman til deig. Ha i ein plastboks og smør olje over.

Obs! obs! Sørg for å ha rikeleg med plass i boksen - deigen hever seg ganskje mykje ;-)

Lykke til :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)