mandag 16. januar 2012

Mmmmmm.....

...av og til må ein berre laga seg noko godt :-) I går hadde vi skikkeleg innedag - låste ikkje opp ytterdøra før han far kom på inspeksjon i 19.30-tida. Og ja, blei litt overraska sjølv når eg oppdaga at det faktisk går an å tilbringa ein heil dag i stova - og på kjøkenet. På fredag hadde eg nemleg lest eit blogginnlegg på VG med oppskrift på heimelaga marshmallows - og slike søte ting må jo prøvast...

No fann eg jo sjølvsagt ikkje igjen det blogginnlegget når eg skulle trø til på kjøkenet, men på dinmat.no fann eg denne oppskrifta:

Marshmallows

1 dl vatn
2 1/2 ss gelantinpulver
4 dl sukker
2 1/2 dl lys sirup
2 ts vaniljesukker
1 dl vatn

Så gjør man så her:

Miks saman 1 dl vatn og gelantinpulveret  

Kok opp resten av ingrediensane. La det koka i ca. 10 min. medan du rører heile tida.

Hell sukkerblandinga - kun ei tynn stråle til kasserollen er tom - i gelantinblandingen medan du miksar på lav hastighet. Når du har fått heile sukkerblandinga oppi, set du miksaren på fullt. Miks til blandinga har fått ca. 3-dobbelt volum. Og som dåke ser - eg har hatt oppi litt farge :-)


Smør ei passeleg form med matolje og hell blandinga (dette var noko ekstremt klissete greier) oppi. La den stå nokre timar i romtemperatur - evt. over natta.

Når blandinga har stått lenge nok klippar du den opp i bitar (litt lurt å smørja saksa med olje òg), vend bitane i melis.... 
.....og vips så har du ei heil skål med godis som du ikkje heilt veit kva du skal gjera med  - tru meg, du klarar i allefall ikkje tøma skåla aleine, for dette var søte saker :-)

Men, nokre bitar kan du iallefall ha i eit krus med kakao og krem :-) Mmmmmm...

Ja, ja, blei ikkje så aller verst dette. Mine Marshmallows kunne nok kanskje vore litt meir luftige, men dette var det min gamle handmiksar klarte å få til :-) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)