Svaret på gårsdagens nøtt er sjølvsagt A) Det kan pikade sjå sånn ut.
No har vi vore ei natt på Bavallstunet på Voss. I går hadde vi ein fin dag med sol, men òg isande kald vind. No har vi stått opp til strålande sol og null vind.
Vi??? Her kjem dagens nøtt:
Kven har Anita reist på tur med?
A) Ingen, ho tiltalar seg sjølv alltid i fleirtal
B) Marita & Stian Sebastian
c) Kven som helst
I dag kjem det og ei tilleggs nøtt:
Har Anita reist på skiferie med bilen fylt til randen med alt mellom himmel og jord bortsett i frå skijakke - og enda opp med å måtta gå på salg på Vossevangen og kjøpa seg ny fyrst av alt??
A) Nei, Anita er altfor velorganisert til det
B) Skijakke?
C) Gulp...hmf...ja
Ha ein strålande skidag folkens - no skal eg snart ut og brekka bein og nyta sola :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)