lørdag 28. juli 2012

Hola!

Tannverken er for lengst jaga på dør og har i stadenfor blitt avløyst av tett nese og sår hals :-( Og med vermeldinga for neste veke hadde det jo vore ein perfekt unnskyldning for å ligga på sofaen og sjå på OL heile dagen...

Men, den gang ei - her skal det pakkast og gjerast klar for den store utflukten til BARCELONA! I morgon bryr eg meg katten om både ver, OL og forkjølelse og tar ut i lag meg min far og sønn. Ei lita veka skal vi kosa oss i Spanien før vi sit nasa heimatt :-)

Ny sommarhabit er kjøpt inn (har jo ikkje hatt brukt for det dei siste sommarane) og kofferten nesten ferdigpakka. Eg inntar Barcelona som den fargeklatten eg er ;-)


No skal eg ikkje gni det inn - eller det er akkurat det eg skal: Slik ser vermeldinga for Uskedalen ut den komande veka:


Og slik ser vermeldinga ut for Barcelona den komande veka:



Phuu! Eg kjem til å lengta heim...Endeleg bra det er ei strand i Barcelona så ein kan få avkjøla seg litt... Eller blir ein avkjøla i vatn som held +26 grader???

See you! :-) :-)


1 kommentar:

  1. Sukk... du får nå senda oss på jobb en liten tanke då, innimellom bading og paraplydrinker:) Kos deg masse Anita!

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)