torsdag 26. juli 2012

Men i svarte fa..då -

e' da mulig?? Etter to flotte dagar med konsert på mandag og heimreise i frå by'n på tirsdag, landa eg med eit brak i går!

Rakk ein liten handletur til Husnes før eg kjente det byrja å murra i ei tann. Så murra det litt til før det slutta å murra og gjekk over til skikkeleg tannverk! Ein håpar jo i det lengste att det skal gå over av seg sjølv, og av og til gjere det jo heldigvis det, men ikkje denne gangen. Tannlegekontoret var jo sjølvsagt stengt for lenge sidan, så eg prøvde og kurera meg sjølv med Ibux (eg vil anta i ein stor overdose i forhold til anbefalt dose), tannpirkarar, tanntråd, masering av tann med tannkrem etc. etc. Men ikkje ville tannverken gje seg! Eg såg fram til ei lang natt der eg vandra rundt og haldt meg på hovudet, men eg fekk heldigvis sova nokolunde greit. I allefall heilt til sånn ca. kl 0800 då eg fekk melding frå Ann Irene om eg var klar for Ulvanåso - det var eg ikkje!

Tannverken var ikkje så ille når eg vakna i dag, eller kanskje eg berre prøvde å innbilla meg det iom at eg visste eg måtte ta runden og ringa rundt og finna ein tannlege som ikkje var på ferie. At min fast tannlege er på ferie visste eg nesten - dette er slett ikkje fyrste gangen eg har måtta besøka tannlegen medan eg har ferie....

Heldigvis for meg så hadde tannlegesenteret vis à vis Statoil på Husnes ope, og der kunne eg få koma med eingong :-) Forøvrig verdt eit besøk berre å gå inn på venteværelset der kor dei har hengt opp nokre kjempeflotte bileter i frå baroniet i Rosendal. Eg var nett ferdig med å beundra desse då neste par kom inn og byrja å kommentera dei :-)

Det viste seg jo snart at eg hadde to valg - trekkja ut djevelskapet eller rotfylla! Eg valgte rotfylling - trekk ein ei tann må ein jo nødvendigvis inn med ei ny - og eg er ikkje SÅ glad i å gå til tannlegen. Tre doser med bedøving (tanna var ikkje så dau som tannlegen trudde) og så var det berre til å gapa det eg var god for.

Etter ein time hos tannlegen og eg var ferdig med fyrste steg i operasjon rotfylling. No må eg venta i 3 veker til før vi kan ta fatt på andre og evt. siste steg - mogleg det blir eit tredje..

Med munnen full av bomull og tannlegeting fekk eg ikkje signalisert til tannlegeassistenten at ho måtte ta bilete av seansen, men på nøye beskrivelse og instruksar frå meg har han far klart å gjenskapa situasjonen ned til minste detalj:

Jepp, akkurat slik var det...

Då bedøvinga gav seg var eg ei lita stund redd for at vi hadde gjort feil tann til syndebukk for eg syntes tannverken sneik seg tilbake, men ein skal vel kjenna litt når ein er blitt herja slik med. No er eg i allefall heilt pigg igjen. Kryssar fingrane for at det held seg slik...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)