tirsdag 24. juli 2012

Bruce Springsteen IS THE BOSS!!!

Endeleg var dagen vi har venta på sidan november i fjor komen og Stian kunne inkassera bursdagspresangen sin :-) For aller fyrste gong skulle vi somla oss avgårde på konsert på Koengen i Bergen - eller nokon anna plass for den saks skuld. Og då hadde vi sjølvsagt ikkje valgt oss kva konsert som helst - nei, vi valgte sjølvsagt konserten med sjølvaste The Boss! (Og nei, ikkje Asgeir - han har vi vokse i frå...)

Vi pakka med oss Sandra og lånte hytta i Fyllingsdalen for overnatting. Vermeldingane var grusomme, men det var både opplett og varmt då vi gjekk ut døra for å ta bussen til by'n, så regnklede  og sitje underlag (sitjeunderlag??? Vi blei nok stua litt for godt til at dei kunne tas i bruk ;-)) blei pakka i sekken. Og så kom regnet sjølvsagt akkurat i det vi gjekk ut døra...

Det byrja å bli folksamt bortover Bryggen - og i det vi nådde SAS hotellet byrja køen. Men, det gjekk fort og effektivt framover.

Alt gjekk i grunne overraskande fort med tanke på at 22 000 mennesker skulle samlast på same plass. Kl. 18.40 var vi inne og på plass.

På plass og klare for Bruce! Jada, Sandra og eg hadde grabba til oss Egons regncaper på vegen ;-)

Ingen av oss hadde noko behov for å pressa oss så langt fram i flokken som mogleg så vi fann oss ein plass litt til venstre på plattingen - akkurat der den gjekk litt opp slik at vi fekk nokonlunde oversikt over scenen. Og sjølv om det ikkje vara så lenge - det er mange høge folk, altfor mange høge folk, som går på konsert - så var vi nøgd med plassen vår - storskjermane hadde vi i allefall god oversikt over :-)


Vi var ikkje akkurat aleina på konserten...

Så, rundt kl. 20.00 braka det laus:

The Boss is in the house! Og så var mange andre denne kvelden.

Her var det bånn gass frå fyrste strofe! Og for ein lyd! Og for ein energi den mannen har! Her var det att og fram på scenen, ned blant publikum og den eine sangen overlappa den andre! Eg må innrømma at eg ikkje har fulgt så mykje med på musikken han har laga dei siste 20 åra, så for meg var nok høgdepunkta dei gode, gamle sviskene :-)
Eg fekk etterkvart godt utsyn mot scena, men det var likevel litt langt fram så storskjermane blei nok det eg fylgte mest med på. Etterkvart gløymte eg at det var storskjermar - eg trudde beint fram Bruce Springsteen var så stor..

Fyrverkeriet av eit show varte og rakk. Eg er ikkje vane med å stå oppned slik i timarsvis og byrja å kjenna det i både bein og korsrygg. Sekken på ryggen, som ikkje vog nokon ting i utgangspunktet, byrja å bli nokså tung. Når vi passerte 2 timar ut i konserten lurte eg på korleis eg skulle halda meg oppreist resten av kvelden - måtte eg ta ein tur på toalettet kun for å sitja ned ein augneblink?? Og medan eg stod og tenkte slike tankar byrja Bruce å jogga rundt på scenen og skyggeboksa - heilt upåverka av å ha hoppa rundt i to timar allereie... Dåke må ikkje la dåke lura av det som stod i enkelte aviser i dag om at nokon syntes han såg sliten og trøyt ut - han såg ABSOLUTT IKKJE sliten og trøyt ut!! Eg derimot...


Ein nøgd gjeng på Bruce Springsteen konsert! Det slutta forresten og regna straks etter Bruce gjekk på scenen og byrja ikkje å regna igjen før siste sang :-) Perfekt konsertver - hadde det vore 20+ og sol hadde eg nok gått rett i bakken.

Med slike storskjermar gjere det ingenting å stå litt bak :-)

Og i det eg stod og vakla var det akkurat som om Bruce skjøna det for den siste timen drog han skikkeleg til med den eine gamle, sviska etter den andre - vi sang med, vi klappa, vi veiva med armane og vi gløymte heilt ut av vi var trøyt i beina og hadde vondt i ryggen! Og hadde han ikkje slutta når han gjorde så hadde vi sikkert klart å stå ein time til :-)

I tre timar haldt Bruce det gåande utan stans! At denne mannen er 62 år er nesten ikkje til å tru. Innimellom tok han seg tid til å ropa "Hallaien! Ka det går i?", snappa plakatar med sangynskjer i frå publikum (og spela dei), tulla med dei som stod i vindauga som "gratispasasjerar" i blokka rett ved sida av, gje mikrofonen til ein liten gut som sikkert fekk sin livs opplevelse (litt rørande faktisk), det hadde nok den noko eldre jenta som fekk sitja på fange og syngja med han òg +  dama som blei dratt opp for å dansa på scenen - og ikkje minst foreldra til den vesle jenta som fekk lov til å vri svampen med vatn over Bruce medan han låg tilsynelatande utslitt på scenen! Jenta sjølv er nok enda for liten til å skjøna kva ho var med på, men ho såg ut til å kosa seg med oppdraget :-)

Yes! Dette var ein opplevelse! Og sjølv om eg ikkje er så veldig glad i å stå som sild i tønna i store folkemengder, tenkjer eg at no er det berre til å fylgja med på kven som kjem til Bergen for å halda konsertar - dette gav meirsmak!

Nøgde som vi var etter konserten reiste vi heim til Fyllingsdalen og feira opplevelsen med jorbær og fløyte :-)



Det er forresten Sandra som har tatt alle bilteta - min mobiltelefon når nok ikkje opp her...








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)