søndag 7. april 2013

Å jul med din glede...

...og barnlige lyst...

Eg må be om orsak til alle som følte seg forulempa over gårsdagens snøfall. Det er nok vi, Naturbarna, som må ta på oss ansvaret for det. For dei som huskar det så vann vi pepperkakekonkurransen til Spar før jul i fjor og premien var ein stor bag med diverse mat og snacks. No var Ann Irene lei av å måtta flytta på denne bagen kvar gong ho skulle henta noko i fryseboksen sin, difor hadde vi bestemt at årests fyrste julefeiring måtte skje no på laurdag (altså i går). At Vårherre då tilgode såg oss med ein dæsj snø var jo berre på sin plass.

Som seg hør og bør passa det best å feira jul ute i skogen....

....difor la vi i veg langs Fjellandsbø.
 
Det var jo ei lukka for oss at redningstjenesten, politi og div.. var opptatt med redningsoppdrag denne ettermiddagen,
 

ein person hadde vore uheldig å slått seg på veg opp mot Låganåso...
 
Då var det jo fritt leide for oss hardbarka kriminelle til å ta fram fyrstikkene i skogen og..
 
...fyra opp eit bål.
 
 
Nokon må jo grilla pølser på tur okkesom, sjølv om det var...
 
...julegraut som stod på menyen i dag! Sjå her far - stormkjøkenet eg masa meg til i julepresang i forfjor er endeleg tatt i bruk :-)
 
Teamwork - alle måtte ta sin runde med å røra i julegrauten. Ja, bortsett frå ho som var opptatt med å grilla pølser, då..
 
Det gjekk jo som ein leik å laga graut på stormkjøkenet! No når vi har fått gang på det kjem vi nok til å diska opp med både det eine og det andre måltidet utover. Pass opp folkens  - kan henda dåke treff på matstasjonar både hist og pist kor enn dåke måtte gå tur frå no av.
 
Mmmmm.... alle gleda seg til å smaka..
 
3 stolte pepperkakehusvinnarar som endeleg kunne smaka på premien.
 
Tru for all del ikkje at det var kun graut i premiebagen vår..
 

...nei, den var fylt opp med både det eine og det andre. På førehand hadde Ann Irene brukt kokesjokoladeplatene som var med og laga...
 
...deilig kakao. Og når eg var så framsynt at eg hadde tatt med krem, så blei jo det rosina i pølsa! (Veit du kva det ordtaket tyder, Ann Irene?)
 
 
Per Ivar fekk og vera med oss på tur i dag - greit å ha nokon som kan bera ved med seg;-) Eg blei litt forvirra då han brått sa "ta bilete av pelsdyret", så i forfjamselsen...
 
...så gjorde eg akkurat det. (Tok bilete av pelsdyret, altså) (Seinare påstod han og at det var for seint å lata att grinda når dyret var ute, korleis ein no skal tolka det.)
 
Etter å ha kosa oss både vel og lenge med julefeiringa vår vart det dags for å..
 

...puff, pufff, sløkja bålet og viska vekk alle spor etter oss og...
 
...rusla attende same vegen som vi kom.
 
Håpar alle hadde ei like fin julefeiring i går som oss :-)
 
 


 

 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)