lørdag 24. mars 2012

Vakna kl. 06.30 i dag tidleg...

...heilt klar for å ta ut på dagens utflukt til Vardhaugselet. Det var jo sjølvsagt altfor tidleg ein laurdagsmorgon...Kl. 09.00 var eg ferdig dusja og enda meir klar for tur - sjølvsagt framleis altfor tidleg. Kl. 09.30 synes eg at eg kune våga meg bort på butikken for å handla nista utan at nokon kikka på meg (eg plar jo ikkje vera oppe på denne tida eingong) - og kl. 10.15 kunne eg endeleg setja meg i bilen og ta på ut :-)

Vi parkerte nett oppfor Søsterheimen på Valen for å følga stien derifrå.

Medan Marit og eg nesten angra på at vi hadde tatt på ullundertøy og i allefall ikkje skulle ha på jakka, hadde Ann Irene rota fram den gamle fjellanorakken sin i frå 1953, i dag av alle dagar.....

...og den skulle ho ha på heile vegen til Vardhaugselet, påstod ho - og la i veg.

Flott utsikt over tåkehavet på Halsnøy i dag. Der har dei den tjukkaste tåka som finnes. I går f.eks, fekk eg bevist at eg verkeleg kan finna vegen til jobb i blinde..

Så nådde vi Olderbotten, og dette er vel omtrent halvvegs til Vardhaugselet. Legg merke til at anorakken no er borte vekk??

Utsikt i frå Olderbotten.

To gode vener på tur :-)

Etter ein lite pause her med inntak av litt drikke og skriving i bok, la vi i veg mot Vardhaugselet igjen.

Her kan ein velga å gå både her og der.

Ingen tvil om at vi valgte rett sti. Litt usikker på kvifor dei har tegna ei kurukke på dette skiltet..

No nærma vi oss voldsomt målet - skal berre rett bak fremste haug her.

Vi hadde gleda oss heile vegen til vi skulle grilla pølse og turdeig når vi kom fram til Vardhaugselet. Vi må seia at vi blei veldig skuffa når vi kom fram og all veden i nærleiken var søkkvåt :-(

Men grillmeister Ann Irene gav seg ikkje så lett...

... og tok alle midlar i bruk for å få fyr på grillen.

Etter å ha pusta og pesa og blåse ned huset til dei tre små griser både ein og to gonger, fekk ho til eit aldri så lite bål. Nok til at vi klarte å få tre pølser sånn halvsteikte. Sjølv klarte ho å grilla to pølser, men det var berre fordi ho brått blei heilt stille og ikkje nevnte til oss at ho hadde klart å få til eit lite flammehav til. Det var sjølvsagt slokna før vi andre fekk fleire pølser på grillpinnen. Men eg hadde jo pakka med meg ein 7 kilo tung sekk idag, så det skulle no ikkje stå på mat:

Kva passa vel betre i dag ein ein liten jægermeister og jordbær m/krem??

Jordbær med masse krem...

Eg sa MASSE krem!!

Marit kosa seg i solveggen.

Utsikt frå Vardhaugselet.

Utsikt mot Manen - bort dit skal vi gå ein anna dag.

Etter å ha kosa oss på Vardhaugselet både vel og lenge, var det på tide å ta ut på heimvegen. Vi hadde bestemt oss for å gå ned via Nordfjell (det er det som står på skilta, sjølv om eg kun har høyrt folk kalla det Norefjell).

Jentene på toppen av - Nordfjell.

Og for ein fantastisk utsikt vi fekk over Husnes her!

Sør-Norge Aluminium sett frå oven.

Kosa seg på tur i dag, ho her :-)

Ellers så har vi sett mykje av desse vakre konstruksjonane i dag:

Vi fulgte stien ned mastetraseèn til Helland. Her var det både bratt og glatt, og vi er vel eininge om at dette ikkje er ein veg vi vil prøva oss på opp. Det virka ikkje som nokon koseleg tur å ta, meir som eit pes.

Og har dåke sett - snakk om å parkera med milimeter presisjon! Her kunne eg jo berre opna bakdøra og jentene kunne spasera rett inn ;-)


Kjempeflott tur i dag! Ein tur til Vardhaugselet er absolutt til å anbefala :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)