søndag 25. mars 2012

Dere tror det ikke før dere...

...får se det! Ikkje fullt så rask utav senga i dag som i går morges. Tåka hang langt nedover fjellsida og det såg eigentleg ganske trist ut ute. Sidan gutungen er grøftegravar og røyrleggjar i helga hadde vi ikkje planlagt noko skitur, likevel kikka eg innom nettsida til Fjellhaugen. Og der var det sol! "Hmmm", tenkte eg, "lurer på om Mannsvatn ligg høgt nok til å nå sola? Det er jo berre til å prøva?" Så eg pakka sekken igjen og byrja å gå opp Pålen sin veg. Når ein trur ein har lagt ut på bomtur allereie når ein forlet bilen, blir det ganske tungt å gå. At ein blir sliten før ein når opp til skodda hjelper ikkje akkurat på motivasjonen...

Eg hadde i det heile tatt ikkje tenkt å skriva noko innlegg om turen min i dag. Det får jo vera måte på kor mange gonger folk gidd sjå på bileter av Ulvanåso og Englafjell og lesa om Mannsvatnturar. I dag rekna eg jo berre med å få bileter av dette uansett:

Skodde i alle...

...retningar!

Så gjekk eg der og surmumla for meg sjølv og sparka småstein på veg oppover. For ein glimrande idè å legga i veg i skoddehavet til fots opp fjellsida berre fordi ein har sett at det er sol i Blådalen. Du har jo bil - du kunne jo berre køyrt opp og sett deg i ei snøfonn?? Men, så letta eg brått på hovudet:


Men, hvad fanden??

No skjedde ting raskt - beina fekk bein å gå på (?!?), eg gjekk amok med mobilkameraet, sendte skrytemeldingar til Gud og kvarmann, hoverte på Facebook - det var hakket før eg sendte melding til sjefen og sa opp jobben...

Så, sannelig det sier jeg eder- her får dere Anita's Openbaring 25 kapittel, vers 3 i bilder og ord:







Åååå - så eg kosa meg :-)

Og når eg kom opp til endes av vegen:







Slett ikkje noko dårleg valg av turmål i dag likavel!

Her slo eg leir, åt litt nista og så la eg meg flat og naut sola!

Eg hadde ikkje tenkt å gå noko lenger i dag, men når eg kikka "ut mot havet" såg eg dette:


Difor klarte eg ikkje motstå fristelsen til å gå opp på næraste topp for å sjekka om ein verkeleg berre såg skodde i den retningen.



Jepp, her var det skodde så langt auga kunne sjå :-)

Så flott var det på fjellet i dag at eg aldeles ikkje hadde lyst å gå heim. Eg prøvde fyrst eingong...

Men enda opp ein time ekstra på denne "øya" her :-)

Men, heim må ein jo. Så til slutt pakka eg sakene og la i veg nedover vegen igjen. Med museskritt - eg måtte nyta turen så lenge eg kunne.

Og svar på spørsmålet er: Ja, Mannsvatn er høgt nok til å komma over skodda og finna sol :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)