torsdag 22. mars 2012

Og jeg maler, og jeg maler...

...og jeg maler dagen lang - eller i allefall ettermiddag/kveld. Når eg no eingong hadde bestemt meg for å mala skapet i stova kvitt og plassera det på kjøkenet, så var det jo ingenting å venta med. På laurdag gjekk eg til innkjøp av maling, malekostar og:

Blå maskeringstape - for det sa Kåre at eg måtte ha.

Det er i det heile tatt veldig viktig å ha utstyret i orden når ein skal trø til med slike prosjekt som dette...

Eh..ja.. eg har vel kanskje ikkje handla alt hos Byggeriet...

Ein må rekna med at det tar litt tid å mala eit mørkt skap kvitt. Fyrst så skal det grunnast og så skal det malast både ein og to gonger. Då er det viktig at ein sørger for at ein har ein god plass å mala på slik at ein ikkje er i vegen for andre ting..


Maling utan malingslukt er ei super oppfinning..


Så, etter å ha hatt på grunning både laurdag og søndag var det tid for å ha på maling både mandag og tirsdag. Onsdag var det tid for eit strøk maling på skuffer og hyller, og flytting av skapet frå stova til kjøkenet. Og i dag har eg fylt opp skapet.


Slett ikkje verst, om eg skal seia det sjølv :-)

Nei, eg har ikkje gløymt knottane og føtene. Nye knottar skal kjøpast inn til dørane og skuffa.  Føtene er eit utslag av at eg slapp litt opp for tolmod - eg måtte berre få skapet på plass. Det same gjeld forsåvidt hyllene inne i skapet - dei er jo ikkje ferdig malte i det heile tatt.. Men, dette skal eg nok få gjort i nær framtid - til helga kanskje...

Dette var eit prosjekt eg må seia meg godt nøgd med. No blir det å pønska ut kva eg skal gjera med den ledige kroken eg har fått i stova - biletet av Stian tar tross alt ikkje opp all den plassen...




2 kommentarer:

  1. Det ble fint Anita! Flink du er :)

    Karen Elise.

    SvarSlett
  2. Knall-fint Anita! Eg held på å male eit nøyaktig likt skap:D Har bare brukt 3måneder på det. Sjølve skapet var ferdig lenge før jul. Men eg var derimot ikkje så lur at eg maskerte, fordi eg fekk et strålandes tips om at det var så lett å skrape ruta etter på. Mye letter en maskering.. ehh nei! Så derfor står skapet mitt fremdeles uferdig, men no når eg såg kor fint ditt blei så fekk eg lyst å gjere siste finpuss på mitt i morgen. Takk for inspirasjon:D

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)