søndag 18. mars 2012

Sol inne, sol ute, sol i hjerte...

...sol i sinnet - det var det i allefall heilt til eg rakk å pakka sekken og komma meg ut døra i dag. Då kom det sjølvsagt sigande inn nokre skyer og himmelen var brått ikkje fullt så blå lenger. Men det var for dumt å snu på trappa, så tur blei det uansett. I dag skulle eg ta årets fyrste tur til Låganåso.

Så langt kjem ein nok ikkje enda utan ski på beina.

Det var igrunnen mykje ver ute i dag - i alle variantar:

Til å byrja med såg det litt guffent ut opp mot Englafjell....

...med berre ei lita stund etterpå såg det slik ut.

Eg hadde sendt mld. til Ann Irene tidlegare og spurt kor ho skulle på utflukt i dag. Eit par timar etterpå får eg svar, men då er jo eg allereie komt så langt på min tur:

Godt og vel halvvegs til Låganåso.

Den som ikkje svarar i tide får heller ikkje vera med på tur. Sånn er det med den saken. 5 min. eller så etterpå er eg komen høgt nok til å treffa på snøen.

Her måtte eg ta ei lita pause. Ikkje fordi eg ikkje kom meg vidare - eg var forberdet og hadde utstyrt meg med stavar. Nei, cola og sjokolade pausen skyldest dette:

Det kom rett og slett ei aldri så lita snøbyge!

Så her tok eg ein stopp for å venta litt å sjå om dette var forbigåande eller om eg måtte snu. Det var heldigvis forbigåande, så ferden kunne fortsetja. Det var ikkje så mykje snø, men den som var der var pill råtten så eg måtte laga nokre alternative ruter forbi snøen - og det gjekk greit.

Regnbogen dukka opp då snøbyga var i ferd med å gje seg og sola kikka fram igjen.

Etter snøbyga gjekk turen greit. Når eg kom opp var det stort sett bart og ikkje så mykje snø. Den snøen som var der gjekk det greit å gå over.
Ein må fylgja turløypa...


Yohoo - andremann til å skriva meg i boka på Låganoså 2012! Eg blei likevel slått ned i støvlane av Nils - han var her allereie 01.01.2012.

For min del blir det nok ei stund til Ulvanåso kan bestigast enda i år.

Det var ein ufyseleg kald vind på Låganåso, så eg tok meg kun tid til ein varm kopp solbærtoddy og litt meir sjokolade før eg la i veg ned att.



Uskedalen sett i frå Låganåso i dag.

Og eit bilete til av den vakre bygda vår :-)

Trass veldig skiftande ver - eg fekk faktisk eit melisdryss med snø på veg ned att òg - så hadde eg ein fin tur i dag. Det går fint ann å koma seg til Låganåso no :-)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)