søndag 24. april 2011

Skitur til Fjellhaugen Påskeafta 23.04.2011

Påskeafta var det klart for ny skitur - denne gangen gjekk turen til Fjellhaugen. Damene var som vanleg mest opptatt av sola, og ikkje så mykje av skigåing. Vi tok trekket til toppen og satsa på å finna oss ei snøfonn å parkera i der. Men, det viste seg at toppen denne dagen var ein ganske forblåst plass :-( I eit forsøk på å finna le, bevega vi oss nedover igjen. Undertegna bevega seg veeeeeeldig sakte - føret var altfor tungt for mine, om ikkje så spinkle, så i allefall ikkje særleg muskuløse lår. Etter å ha halde på hatten ei stund sånn ca. midt i bakken, fortsatte ferda ned mot langrennstadion. Enden på visa var at vi enda opp ca. 100 meter flate vegen bortan for parkeringsplassen og bilen...Men, der hadde vi det tilgjengjeld slett ikkje så værst! Ungdommen vi fann igjen ved dagens slutt slo fast at "No vil eg ikkje meir på ski" - og dermed kunne vi erklæra årets skisesong for avslutta!

Dette var det vi såg til ungdommen denne dagen.


Greit å ha hjelp av ein brannmann (?) når grillen skal tennast :-)

Enkel turkost denne dagen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)