søndag 1. mai 2011

1.mai og bading!

I fleire veker no har den yngste og eldre garde (eldre enn meg) egla kvarandre opp med at dei skal bada 1.mai i år - uansett vær. I dag, når dagen kom, trur eg yngstemann prøvde å sova seg i frå det - medan eldstemann håpa yngstemann hadde gløymt heile greia. Men, det var ein person som slett ikkje hadde gløymt det - undertegna! Så her var det ingen bønn, yngstemann blei pusha i badebuksa og over vegen for å henta eldstemann - dette skulle dei ikkje sleppa unna! Og, jammen blei det bading....


På veg ned til stranda og felles skjebne..


Eldstemann hoppa fyrst - og vann dermed 50 øre frå yngstemann.


Og, etter litt tenking hoppa yngstemann etter.

I dag høyrte eg ingen skryting om kor varmt det var i sjøen....

1 kommentar:

  1. Hei Kusine Anita!

    Etter å ha starta badesesongen 1.mai i ein del år,
    kan me konstatera at da va varmere en normalt;)

    Helsing Klara og kule Emil!!!!

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)