fredag 13. mai 2011

I kveld har eg grisa...

I kveld har eg grisa - Gud hjelpe meg som eg har grisa på kjøkenet i kveld! Av og til finn eg på ting eg bare må prøva - og det kan absolutt ikkje venta! I dag trur eg det var ein smart ting - hadde eg venta til neste helg når huset forhåpentlegvis er nystrigla, hadde eg sikkert felt ei tåre...Kva eg har gjort på? Dette:

Fyrst har eg sjølvsagt googla og funnet noko på nettet som bare må prøvast. Og nei, eg brukar ikkje å ha PC'n på toppen av micro'en, men ikkje har eg skrivar som funkar og ikkje gadd eg skriva ned oppskrifta, så då så..


Ser jo bare ut som vanleg krem her kanskje?? Då kan eg nevna at denne kremen er fryyyyyykteleg stiv og tok nesten knekken på min stakkars, gamle håndholdte mixar - det rauk og lukta svidd over heile kjøkenet! Tross alt betre lukt enn eksploderte egg - berre så det er nevnt..


Men, her har eg byrja med griseriet altså! Tada - og dette blei til:

Modelkitt???? Meir saker i frå leikeavdelinga på Ikea??? Omtrent samme konsistens, med dette er faktisk sukkerpasta - eit alternativ til marsipan hvis ein skal pynta kaker og cupcakes :-) Eg har tenkt å bruka det på desse:

...og dåke trudde eg ikje kunne baka perfekte cupcakes....

Sukkerpasta: Utruleg kjekt å laga - men som sagt mykje griseri! No håpar eg det stemmer at dette kan ligga månadsvis i kjøleskapet - eg trur ikkje dette er noko eg kjem til å laga så ofte! Hvis du har lyst å prøva, finn du oppskrifta hos Villa Perlesukker. Her finn ein óg mykje anna kjekt og inspirerande på bakefronten. Og så får ho det til å sjå så lett ut av det er fort gjort å innbilla seg at dette skal no jaggu eg óg klara å laga.  NB! Vanlege konditorfargar trur eg ikkje virkar så godt til dette. Eg brukte Squires Kitchen sine pastafarger - igjen etter anbefalling frå Villa Perlesukker. No gjenstår det jo å pynta kakene, så om dette blir nokon suksess gjenstår vel eigentleg å sjå...

NB! Bruk eingongs hanskar når du jobbar med dette - dei som lurer på kvifor kan få handhelsa på meg i måro :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)