mandag 9. mai 2011

Aktivitetsdag og Hopp i Havet!

11.juni er det klart for ny Aktivitetsdag og Hopp i Havet i Uskedal Båthavn. I år har Aktivitetshusets Damevenner satt vekk Hopp i Havet delen til styret i Aktiviteshuset. Det har vist seg, for min del i allefall, å vera eit sjakktrekk - for eg har gløymt heile Aktivtesdage i desse konfirmasjonsdagar.... Men, som dåke kan lesa her Uskedalen.no og her Kvinnheringen , er styret godt i gang med forberedelsane og lovar meir moro enn nokon gong. Eg er dessutan veldig spent på kva premie som ligg til fortolling i Mumbai - kan henda eg må meld meg på konkurransen i år?? Tenker Damevennene snart er i full sving med planlegginga til årets dag - vi har jo sjølvsagt starta planlegginga allereie, så det er vel finpussen som står igjen :-) Det blir som før mat og drikke, div. aktivitetar, eindel lokale musikkinnslag, Sjørøvarkaptein Sprød er, etter sigende, på full fart , med fulle seil, på veg til Uskedalen, Tøffetoget kjem, Brannbilen kjem etc. etc. Og ikkje gløym at i år er Vertshuset open og det blir dans på Dønhaugslåven om kvelden - det blir mykje moro og kjempekjekt i år óg. Oophs - husk at alle som melder seg som frivillige til å hjelpa til med og under dagen blir invitert på den store Sjørøvarfesten på Bøkkaren om kvelden :-)

Aij, aij, snart klar for å byta ut bundaen med piratdrakta igjen :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)