14 dagar igjen til den store dagen - konfirmasjonen til fjortisen! Lokale, borddekking, pynt etc. er no stort sett i boks. Bordkort skulle visa seg å vera litt av ei utfordring. Tenkte eg skulle halda det enkelt og elegant (?) og kjøpte litt pynt på Nille som skulle limast på. Hadde sjølvsagt kjøpt litt for lite, og når eg skulle handla meir var det tomt. Ja, ja, kjøper meir i by'n, tenkte eg, men det var lettare sagt enn gjort. Eg er sikker på at eg er den einaste som har reist til Bergen for å leita opp ørten Nillebutikkar - som aller er utsolgt for akkurat den pynten eg skulle ha!?! Dvs. pynt hadde dei - i rosa og grønt, men kor i svarte er det blitt av blå??? Må vera mange konfirmasjonar med samme bordkort i år....Anyway, litt triksing og miksing så ordna det seg. Men, enda gjenstår det litt saker og ting før vi er klar...
Kakebaking f.eks. Skal ikkje stå på utstyret i allefall. I dag svei eg to plater med muffins - så vi kan vel konstantera at eg ikkje har vore noko stort tap for konditorfaget! Faktisk greit at eg har 14 dagar å øva meg på enda...
Kan vel prøva å lyga på meg at eg er blitt inspirert av Christine Koth sine lister, men egentleg ville eg bare pøva dei nye arka og tusjane eg kjøpte på barneavdelingen til IKEA i helga. Men, det kom jo nokre punkt på kalendaren, så kanskje dette ikkje var så dumt? Dagens oppgåver er i allfall gjennomført og kryssa av :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)