lørdag 24. september 2011

Drit i mannen, gje meg....

....sjumilsstøvlar!! I dag har vore den store turdagen. Denne gangen hadde vi annonsert turen vår på førehand i tilfelle nokon ville vera med, men det var ingen som beit på... Kanskje ikkje så rart, værmeldingane var ikkje dei beste, vi havnar stort sett ikkje der vi seier vi skal og kanskje det virkar som om vi har det skrekkeleg kjedeleg på tur? I dag skulle vi gå inn Eikedalen til Eikehytta - den har vi sjølvsagt ikkje sett snurten av! Men, vi gjorde eit ærleg forsøk.

Vi starta turen med å rista Marit ned i frå gøymeplassen hennar på Sørestølen.

Og så la vi i veg forbi Flåtene og så bar det oppover...


Plutseleg var dei borte - og eg gjekk bak og dildra for meg sjølv.

Og det var det nokonlunde fine været vi hadde gått i så langt òg. No byrja det å regna og blåsa ganskje mykje, og det blei rett og slett litt surt.

Då var det ikkje anna å gjera enn å kle på seg :-)

Men, det blei til slutt så surt av vi valgte å krypa inn under ein stein rett før Fagerdalen kor vi sat i le både for regn og vind. Marit baud på nysteikte vaffler m/syltetøy :-)

Så byrja balubaen... Eg visste jo at vi skulle på laaaaang tur i dag, og i den anledning hadde eg gått til innkjøp av Red Bull til oss. Det blei godt mottatt i byrjinga - heilt til dei fann ut at dette var alt eg hadde i sekken. Kor var champagnen? Men det står her:  "Kvikker opp kropp og sinn", prøvde eg meg på. Det hjalp ikkje - geipen hang og det var ikkje snakk om å gå eit skritt lenger inn mot Fagerdalen. Nei, eg blei sparka ut av hola med beskjed om at det berre var til å komma seg på heimveg, køyra på Polet for så å finna ein fjelltur vi kunne gå på Husnes istadenfor.

Ja, ja, så veldig sure var dei no ikkje... Og på veg ned kom faktisk sola fram.

Men, på Polet bar det okke som....

Ah - ekte turmat.

Og så var vi klar for ny fjelltur....

....kjempeklar!

Og så skjedde det igjen - eg kikka litt vekk og borte var dei. Ingen forann...

....og ingen bak!

Men, eg fann dei igjen denne gongen òg :-)


Og brått så var vi oppe! Og her var det kjempefint!

Og her var det ein fin benk og bord. Det passa fint for no var det tid for middag og kos :-)

Spekemat og champagne - kan det bli betre? Skål!

Og når vi fyrst var på Husnes og handla kunne vi jo lika godt handla oss eit lite lys til bordet òg. Blei så koseleg atte....Sjølv om det bles ut heile tida...

Champagne og Red Bull = Gir deg vinger og det blir ein smal sak å forsera eit fjell eller to :-)

Og så får du så godt humør av det!

Kjempefint var det her oppe - og no er haustfargane byrja å komma òg.

Så titta sola fra igjen - sjå kor vakkert det er på Bremstøl.

Til og med Den Lille Havfrue hadde tatt turen til Bremstøl i dag :-)

Utsikt over Husnes på veg ned.


Men, alt har ein ende - til og med våre turar. Her er to nøgde damer ved reisens slutt :-)

Turen til Bremstøl var kjempefin - den kan absolutt anbefalast!

Så var det heim og hiva seg i dusjen og så låna sykkelen til mor bort på butikken for å handla - sånn for sikkerheitsskuld ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)