fredag 23. september 2011

Gje den dama ein MANN!....

...står det på Facebook profilen min. Eller, det gjere jo ikkje akkurat det. Men, eg las ein artikkel litt tidlegare i veka som handla om korleis Facebook fylgjer med på sivilstatusen og status oppdateringane våres - for så å tilpassa annonsen som dukkar opp på profilen vår etter det. Så, då har eg sjølvsagt, for eingongsskuld, tatt ein kikk på annonsene som dukkar opp på min profil. Og resultatet? Det er skremande kor godt dei føl med. Og eg kan ikkje skjøna noko anna enna dette er korleis Facebook ser på meg:

- Skrekkeleg desperat dame på 41 år med sjørøvarfetisj søker make.
- Sterkt overvektig, men likevel lett på foten.
- Mindre pene tørre bein delvis dekka av åreknutar.
- Einsidig og litt uortodoks kosthald.

Her er eit utdrag av annonsene eg får servert på min profil:
Menn i sin beste alder og hjelp mot åreknutar er det eg blir tilbydd...
 Som dåke ser - det manglar ikkje på mannfolk som ventar på meg... Inkludert Kaptein Sabeltann :-)


Den øverste her trur eg faktisk eg skal klikka meg inn på - kanskje eg kan pressa meg inn i ein kjole til jul... Å antyda at  eg treng vektoperasjon synes eg er ein smule fornærmande, så ille kan det no ikkje vera?? Og så har vi den eg enda ikkje har funnet heilt ut av: Passer hunden din til deg og vinn eit års forbruk av hundemat???? Eg trudde kanskje det var her det merkeleg kosthaldet mitt kom inn, men i dag har eg òg fått tilbud om å kjøpa sølvpudlar...


No vurderar eg å oppretta ei Teletorgtjeneste: Vis meg Facebook profilen din og jeg skal si deg hvem du er :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)