tirsdag 20. september 2011

Åååååå, så glad eg blei når eg las....

...lokalavisene i går! Det er jammen på tide at vi får eit eksotisk innslag i Kvinnherad. Tenk at no skal dei bygga KAMELpark på Utåker :-)  Nei, dei finn no jammen på mykje løye der ute! Eller kamelpark og kamelpark, det er vel eigentleg eit kamelslakteri, men eg reknar no med at vi andre skal få sjå dei gå rund innanfor gjerde ei stund og voksa seg feite og fine fyrst. Eg har høyrt dei skal ha nokre små avdelingar spredd rundt omkring i resten av Kvinnherad òg, slik som f.eks. Valen, Sunde, Husnes - ja, kanskje til og med i Uskedalen. Men, her skal det visst bare gå eit par kamelar i slengen, og dei skal vera små, veldig små, kanskje så små at vi ikkje ser dei hvis det er høgt gras. Men, så langt innover som på Ænes trur eg ikkje dei vil bli plassert. Det er vel meir sannsynleg at lakseparken opnar igjen der - som ei slags motvekt. Men, på Utåker - på Utåker, der skal dei ha digre, flotte, mjuke, kosete kamelar!!

Foto: Didrik Martens / Worldtrip

Eg er forressten veldig spent på om dei får dette til å fungere, kamelslakteriet, tenkjer eg på? Ei skal jo ikkje sluka kamelar, som det heiter. Men, eg har òg høyrt at nokon klarer å svelga både ein og to kamelar før dei finn ut at dei eigentleg ikkje likar det. Enkelte vil visst aldri innrømma at dei har slukt kamelar, medan andre slukar kamel etter kamel kun på trass.  Andre igjen trur det skal vera sånn og gjere ikkje anna enn å sluka kamelar. Eg som meir eller mindre er vegetarianar har nok sikkert fått i meg nokon kamelar oppetter tida i rein vanvare eg òg.

Nei, dette håpar eg verkeleg dei får til å fungera. JA, TIL KAMELAR I KVINNHERAD!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)