torsdag 1. desember 2011

1. desember og jakta på julestemninga...

2011 er i gang! Ute er det vel ikkje mykje som minnar om jul enda - i allefall ikkje værmessig. No tok jo eg fram julepynten i helga som var, så inne byrjar det å komma seg med julestemninga. Men, ein ting hadde eg spart til i dag, og det var denne:

Julekalendaren :-)

Kvifor eg sparte på den til i dag kan ein jo berre lura på - tom og trist som han heng der på sin vante plass på veggen. Dei siste åra har han visst hengt slik - det er nokre år sidan eg gav opp å finna 24 ting å pakka inn til gutungen - det er då måte på kor mange blyantspissar han treng. Men, vi får no sjå utover i månaden, det plar vel dukka opp ein pakke eller to eller tre på vår kalendar òg ;-) Men, akkurat no får eg vel ikkje så mykje julestemning av denne kalendaren.

Nei, då satsar eg heller på at det blir meir julestemning i morgon. Då er det tid for den årlege tenninga av lysa på julegrana og julemarknaden til Damevennene. Eg trur vi har alt under kontroll i kveld - det einaste som gjer oss litt nervøse no er været. Det har jo vore eit fæla vær dei siste dagane, og det er vel ikkje meldt noko betre i helga. Men, foreløpig ser det jo ut til at det skal bli bra nett dei timane vi skal halda på i morgon. Vi kryssar fingrane for at det stemmer, hvis ikkje kan det bli kaldt å stå ute i teltet å steika lappekaker. Oppmodar alle om å koma - vi startar med tenninga av lysa på grana kl. 17. Det blir som vanleg sal av graut i Helgheim og kaffi og kaker i Gamleskulen. Oppe i Helgheim vil skuleklassane ha sine salsboder, og på scenen blir det laga til ein liten juleverkstad for dei minste. Eller så blir det div. salsboder både ute og inne. Eg har jo gjort plikta mi og baka kake i kveld:

Mmmmm...eplekake!

Men, uheldigvis såg kaka litt lav ut - vi kan jo ikkje selgja slike lave kaker? Så difor eh...

.....kosa vi oss med den i kveld medan vi leste på samfunnsfagsprøve..

Kaka var jo sjølvsagt heilt i orden den, men no er det berre litt under ei halv kake igjen, og det kan eg jo ikkje stilla med i Gamleskulen. Lurte på om er måtte hiva meg rundt å laga ei til, men skulle vi ha for lite av sorten i morgon sit eg heller mi lit til at Spar fiksar det :-)

Kake, eller ikkje kake - vel møtt i morgon alle saman!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)