søndag 8. januar 2012

Årets skisesong...

...er sparka igang i helga! Det føles eigentleg som om vi har venta lenge på å komma igang, men det er jo berre 8.januar så eigentleg er vi jo tidleg ute :-) I går var ikkje hverken veret eller formen så bra, så då nøyde vi oss med å kjøpa nye skisko til ungdommen. Men, i dag skulle vi til fjells okke som! Eg synes det held med ein halv dag i fjellet så tidleg i sesongen når ein ikkje kan ta pausar å sitja i sola å kosa seg. Heldigvis slapp vi noko krangling på det i dag - ungdommen fekk haik opp tidleg, så då kunne eg berre venta til eg var klar :-)

Det såg jo ut som om det skulle bli ein strålande dag då vi kikka ut vindauga i 9-tida i dag tidleg, men det tok ikkje lange stunda før skodda låg laaaaaaaangt nedover fjellsida. Men, dette hadde vi vel sett før? Eg bekymra meg ikkje bitten - rekna med at berre eg kom meg opp i høgda så skulle det bli bra. Og her kan jo dåke som har tilbrakt dagen i skoddehavet sjå kva dåke har gått glipp av i dag:

Sjå her - her var noko lyst eg ikkje hadde sett på lenge :-)


Nydeleg!

Sånn skal ein skikkeleg vinterdag sjå ut!


For eit par sesongar sidan bestemte ungdommen seg for at når han skulle ha nye skiklede, så skulle dei vera fargerike. Det han ikkje tenkte på, men som ho mor sjølvsagt synes er heilt topp, er...

....... at eg no kan halda auga med han uansett kor i bakken han befinn seg ;-)

Alpinbakken i Fjellhaugen

Og medan ungdommen kosa seg i alpinbakken, tusla ho mor rundt i lysløypa på langrennski. Det trur eg han synes er heil OK - dess lenger vekke mor held seg , dess betre :-) Eg synes det er litt kjedeleg å stå opp og ned alpinbakken så dei siste åra har eg brukt langrennsskia meir og meir. På dei er eg, om mogleg, enda meir klønete enn på alpinskia. Og det startar med eingong eg går ut av bilen og skal smøra skia. Det endar som regel med at eg anten smører med feil smøring, smører heilt skeivt, eller begge deler. Så hvis dåke ser ein skiløper som drar på eine foten, så kan dåke jo tenka dåke til kven det er...Og så er eg så lite glad i fart - eg har jo null styring på desse tynne plankane. Eg er difor ein av dei som blir glad dess tregare skia går..Men, i år, som alle andre år, satsar eg på at trening gjer meister. Det er i allefall ein ting eg føler eg beherskar ganske så bra - PLOGING. Eg trur eg tar ploging til nye høgder. Eg tenkte på det på veg ned til bilen i dag - eg plogar så bra at hadde det kome nokon bak meg så hadde det vore klin omogleg for personen å komma forbi meg - eg tok opp heile løypa! Men, ein treng jo ikkje vera verdsmeistar i alt (eller nokon ting i det heile tatt) av det ein prøver seg på, så lenge ein kosar seg - og det gjer eg :-)

Og her likar eg å tusla rundt :-)

Dette fortel jo alt om kor pysete eg eigentleg er. Dette kvalifiserar sikkert ikkje til noko bakke å snakka om i det heile tatt for folk flest, men dette er min Monsterbakke! Eg kan godt gå opp denne bakken, men står svært sjeldan ned...Då skal det ver mykje mjuk nysnø eg kan tryna i og ikkje knallhardt føre som i dag. Så eg kjem stort sett så langt som dette, snur og går tilbake :-) Kanskje målet i år må vera å komma seg ned denne bakken på skapeleg vis ;-)


O' lykke! Flott vinterver, ski, cola, peanøtter og nonstop - kan nesten ikkje bli betre enn dette!


Vi var ikkje dei einaste som tok turen til Fjellhaugen i dag. Då eg køyrte opp i 13.30-tida møtte eg mange bilar på ned. (Skulle sikkert ned å få med seg Northug's siste etappe i Tour de Ski). Og heldigvis for det - eg er sanneleg ikkje sikker på om det hadde vore parkeringsplass til meg hvis ikkje. Slik ein utfart til Fjellhaugen trur eg kun eg har sett på dei finaste Påskedagar!

Så dette blei ein flott start på skisesongen. No håpar vi at det blir mange slike dagar framover :-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)