onsdag 14. mars 2012

Lita tue kan velta stort lass,...

ei fjør kan bli til 5 høns osv. I posten i dag kom eit komfirmasjonsbilete av Stian som eg har fått forstørra opp. Sånn passe nøgd, det kunne nok vore litt mørkare og litt meir farge på slipset, men, men. Det eg ikkje hadde tenkt ut på forhånd var kor eg skulle ha dette biletet? Det skal i allefall ikkje stå her...
.....oppå skrivaren, som forøvrig heller ikkje skal stå her...

Etter å ha kikka meg litt rundt, har eg enda på at det skal henga i kroken her:

Men her er det jo per i dag ikkje plass for her står det altså eit skap. Det betyr at skapet må malast kvitt og plasserast på kjøkenet.

Men her står jo allereie denne saken. Det betyr at den må flyttast ut i gangen..


.....kor denne kommoden står. Denne innbillar eg meg at han far ein eller gang har laga, og sidan eg ikkje kjem på nokon plass den kan flyttast må den kanskje berast over vegen...

hit?

Eg hadde igrunnen tenkt å forstørra opp eit anna bilete òg, men no veit eg ikkje om eg tør...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)