søndag 20. mai 2012

Og du og du...

...for ei helg! Den siste veka har vore prega av mykje hemmeleghalding og det har til og med  gått så langt at eg har vore med på å klyppa og lima i saman eit trusselbrev! (Gysla artig - trur eg skal laga mange fleire)..

Men, i går kom endeleg dagen vi har venta på så lenge - den store utflukten til Varaldsøy! Eventyret byrja allereie på ferjekaien på Årsnes. Lillebror Rune gleda seg stort til å få vera med resten av klanen til Varaldsøy - han trudde ikkje han hadde vore der sidan han var 10 år. Uheldigvis (?) for han skulle han ikkje få koma dit i går heller. Ikkje eingong då helikopterer landa ved sida av ferjekaien lukta han lunta. Og då piloten kom og spurte om hjelp la han avgårde mot helikopteret i fin galopp - han måtte jo skynda seg å hjelpa slik at han ikkje mista ferja...



Omsider høyrte vi eit latterbrøl - då hadde han nok skjøna kva som var på gong... Utstyrt med Felleskjøpdress og ridehjelm måtte han stå igjen på kaien og vinka farvel til resten av oss som for med ferja :-) Og medan vi fortsatte ferden mot Varaldsøy blei det helikopter tur til Kinsarvik for lillebror...

Så ankom vi omsider Øyo. I år var det Klara som hadde fått "blåtur" i bursdagspresang så vi andre var på plass ein times tid før ho skulle koma med ferja. Problemet no var at vi mista presten vår allereie på Årsnes - då måtte vikaren trø til:


Litt usikker på kven som var mest spent her - presten, velkomstkomiteen bak presten, eller ho som sat bak ferjelemmen og lurte på kva som befann seg på andre sida...

Syntes foressten litt synd på ferjemannskapet i går - dei forventa vel underhalding på kvar stopp utover dagen, men eg trur det vart stopp her...

Sjå denne flotte gjengen som er klar for eventyr på Varaldsøy :-)

No var alle samla og det var på tide og koma i gang med det kulturelle innslaget - vi er jo ein belest og sivilisert gjeng.. I år gjekk turen til det gamle gruvesamfunnet på Varaldsøy - tenkt at på eit lite område langt inni skogen på Varaldsøy budde det eingong 250 mennesker! Kor dei er blitt av? Eg trur indianarane tok dei - eller var det ulven??

På veg til gruvene var det diverse oppgåver som måtte løysast og drikkast + at vi fekk innblikk i litt av historia til Varaldsøyingane.
Dei har vore veldig rause med skiltinga i skogen på Varaldsøy...
Eg såg Klara seinare på kvelden og kan skriva under på at ho hadde funne sjølvaste ungdomskilda.. (Kan ikkje tru at ho ellers hadde kledd seg i ein onepiece frivillig..)
Etter ein runde med trasking og kikking, var det klart for lunsj ute i det fri.
Gamalt slektsordtak..
Så var det tid for å kikka litt nærare på det dei har å by på i skogen på Varaldsøy:
Mange HULL!
Og der det er hull MÅ denne karen inn:
Sjølv om han er tante sin yndling (heilt sant - kom fram i laupet av helga), så gav han ho nesten hjarteatakk opptil fleire gonger i går. Det er difor bestemt at medan vi andre går rebusløypa til neste år, må han sitja på venterommet på ferjekaien og venta til vi er ferdige...
Etter at vi var ferdig med det kulturelle var det tilbake til Gjuvsland for støvelkasting, øksekasting og ballongskyting.
Sjå kor fine kusiner eg har! Dette var før konkurransane tok til - medan vi alle framleis var vener..
Dette kan vi!
Nokon av oss i allefall..
Eh...skal vi ta reglane eingong til, Tante: Det er om og gjera å kasta lengst - ikkje høgast!
Når Enæsklanen kastar øks nyttar det ikkje berre med ei øks..
Det byrja å spissa seg til no. Etter støvelkasting og øksekasting var det uavgjort mellom laga, så no var det skytinga som skulle avgjera det heile. Ruth Irene hadde proklamert høgt og tydeleg at ho var ein dårleg tapar og det var div. andre som stod fram og sa dei hadde killerinstinkt òg..
Trond Håvard var leigt inn som dommar og lot seg slett ikkje bestikka hverken den eine eller andre vegen. Derimot såg han sitt snitt til å stikka av mitt i ballongskytinga, noko eg trur har samanheng med at Ruth Irene...
...viste seg å vera ein kløppar til å skyta. Så stort konkurranseinnstinkt hadde jenta at ho plaffa ned to ballongar i slengen..
Det var ei litt amper stemning etter at skytinga var ferdig. Begge lag stod på sitt og det blei ein diskusjon om poeng som var gjeven for å ha snissa ein ballong - nesten større prestasjone enn å treffa ballongen, spør du meg..
Men, det løyste seg då Lene erklærte at det blei uavgjort og delte ut medalje til begge lagleiarane. For ikkje å skapa stor splid og uvenskap i generasjoner har vi vel sånn i det stille konkludert med at det bør bli uavgjort kvart år.. I tillegg fekk Rune medalje for det lengste støvelkastet - feil veg! Og når det var gjort var det tid for grilling og kos på altanen.
Heilt til slutt vil eg ta med dette biletet som visar dei heldigaste av dei heldige i klanen...
...altså dei som er utstyrt med eit skikkeleg Enæsfjes!

PS! Hvis det er nokon som er ueinig i påstanden ovanfor kan eg legga til at eg har diverse bileter av folk i onepiece, i dansebevegelsar - og ein heil film som inkluderar bukkelur - som eg kan legga ut på bobla kortid som helst...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)