torsdag 17. mai 2012

Hipp, hipp, hurraaaaaaa!

Då nærmar det seg slutten på årets feiring av 17.mai og Kristi Himmelfartsdag. Jepp, "snytt" for ein fridag i år..

Vi har køyrt "same procedure as last year". Fyrst frukost og litt snoperier heima:


Så "toga" vi over vegen til mor og far på kaker og brus - denne gangen hadde eg faktisk kake med:

AdobePhotoshopExpress_20120517120605
Mmmm...sommarens beste jordbærkake :-)

Veret blei jo tross alt ikkje så gale som vermeldingane ville ha det til på førehand. Likevel blei det ikkje noko tog på oss i år heller. Eg har rett og slett ikkje lave finsko og på høge hælar plar eg kun klara distansen Systrene Nilsen - Uskedalsbrua før kneet slår seg vrang og skoa må av. Det er altså grunnen til at eg av og til kan bli observert på veg heim barbeint med skoa i handa. Kneet altså - ikkje nokon anna grunn.....No syslar eg med tanken på å skaffa meg støvlar med norske flagg på til neste år...Men, då blir det vel sol og sommar på 17.mai....

Han her var heller ikkje noko interessert i å gå i tog i dag:

AdobePhotoshopExpress_20120517184717

Etter kvart dukka heile familen Enæs/Nilsen opp med stort og smått òg, og då bugna brått mors spisebord med all slags godsaker:
AdobePhotoshopExpress_20120517184558

Og slik gjekk vår 17.mai - ingen leikar, tog og tale, men vi er mette og nøgde med dagen likavel :-)
Eg håpar alle har hatt ein strålande 17.mai og ynskjer dåke fortsatt ei fin feiring dei timane som gjenstår av dagen!
AdobePhotoshopExpress_20120517184831




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)