søndag 13. mai 2012

Vi er blitt vener......

AdobePhotoshopExpress_20120513174547 by nitus2012
......Ipad'en min og eg :-)

Fyrst lurte eg på kva eg skulle med denne duppedingsen, men etter å ha brukt helga på å trykka og lasta ned diverse app'ar trur eg nesten vi er blitt uadskillige. Dette er jo faktisk ein vidunderleg liten sak - korleis har eg klart meg utan tidlegare???

Idag har eg laga eit skriv til dei frivillige på Aktivitetsdagen + Rebus til den store utflukten neste helg - gjekk som ein leik det på Ipad'en :-)

Idag hadde den nye venen min og tenkt oss på tur for å ta mange fine bileter - eg har nemleg lasta ned ørten fotoapp'ar som må prøvast ut. Men, vi blei heima - eg trur ikkje venen min tåler å bli våt....

Istadenfor har eg, etter mykje om og men, klart å finna ut korleis eg kan blogga rett i frå Ipad'en. Det som tok litt tid var å finna ut korleis eg skulle legga inn bilete, men sjå her kor fint jordbærbilete eg har klart å legga inn i dette innlegget :-) Sjølvsagt knipsa med Ipad'en.

Det einaste vi er litt ueinige om, den nye venen min og eg, er om vi skal skriva bokmål eller nynorsk. I tillegg vil ikkje venen min alltid skriva ferdig dei orda eg vil han skal skriva og foreslår at vi heller skal putta inn nokre heilt andre ord som rotar til heile setningen... Men vi blir stort sett einige til slutt :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)