....ja, eit digitalt testament altså - eller så er eg både frisk og rask enda:-)
Eg er ei av dei som rotar rundt både her og der på internett og må stadig prøva noko nytt. Som regel må ein då laga seg brukarnavn og passord. Med tid og stunder er det blitt brukarnavn og passord opp og ned i mente - mange har eg nok gløymt for lenge sida. Dei aller fleste gjer det vel heller ingenting om forsvinn ut i det store intet når eg tar kvelden, men det er jo greit at min(e) etterkommar(ar) kanskje får ein oversikt og tilgang til dei sidene kor eg har lagra og lagt ut bileter når eg eingong forlet denne verda.
Difor har eg no byrja på "Anita's digitale testamente" kor eg skal skriva opp brukarnavn og passord på dei forskjellige nettsidene eg har slikt på. Eg trur kanskje lista kjem til å bli ganskje lang før eg legg inn årane for godt. Per i dag ser lista ganskje kjedeleg ut, så når eg merkar at tida nærmar seg for å slå av lyset så trur eg at eg må legga til nokon "sjokkerande" sider - he-he.
Framleis oppegåande - utfylt liste med brukarnavn og passord blir nok ikkje lagt ut på bobla - den skal nok heller skrivast ut og leggjast under madrassa der eg har alle andre viktige ting...Og ja, dette er nok berre dei eg kom på i farten - lista blir nok mykje lenger..
Om eg har kome på dette av meg sjølv? Nei, dette er noko vi blir anbefalt til å gjera - sjå her: Digitalt testament
Så kanskje dette var eit tips alle bør tenka på?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)