fredag 11. mai 2012

Pleeeeease, la det bli snøstorm....

...heile helga! Eg har jo så mykje eg skal testa ut at eg slett ikkje har tid til sol og utever!

A. Enæs har nemleg tatt ein byks inn i den moderne verda og gått til innkjøp av ein splittar ny Ipad 3! Åh du, åh du, kor fin han er :-) Kva eg skal bruka han til eg er dog litt usikker på...Så langt har eg klart å lasta opp Google, Facebook og eit kameraprogram som tar dei vakraste bileter:

Nuvel - eg burde kanskje gredd meg på håret fyrst, men, men..

Og ikkje nok med at helga må gå med på å utforska Ipaden - Adobe har endeleg aktivert det nye Creative Cloud abonnementet mitt! Så no skal eg prøva å lasta det ned på den gamle, allereie overoppheta PC'n min - eg er litt engsteleg for at det moglegvis endar opp med å bli spikaren i kista for den maskina...

Men, eg satsar på at det skal gå greit og at eg kan leika meg på PC og Ipad heile helga :-)

Eh...kanskje det bør bli sol likevel....




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)