tirsdag 10. juli 2012

Ein fin kveldstur....

...fekk eg meg i går!

Etter å ha brukt sykkelen flittig den siste tida fann eg ut at det var på tide å testa gå-oppover-formen igjen i går kveld. Pål'en sin fjellveg passar godt til det, tenkte eg. Autch - melkesyra i leggene allereie då eg runda fyrste sving! Her må det nok varierast i treningsmåte, ja. Planane blei lagt om - i stadenfor å fortsetja vegen oppover etter andre sving fortsatte eg rett fram på skogsvegen som går mot Musland. Her hadde eg aldri vore før, så dette var ein ny veg for meg.

Eg brukte ikkje så mykje tid på å sjå meg om. Eg møtte nemleg på ei som sa ho hadde møtt på orm på denne vege eingong ho hadde gått tur der. Turen gjekk difor i hanemarsj - altså med høge kneløft - og blikket stivt fram for meg. Kvar gong eg skremde opp ein fugl blei eg dobbelt så skremt som den. Då graset byrja å bli høgt, snudde eg....

Men, når det er sagt - dette var ein grei "treningsbane". Her var det ikkje bratt og ein kunne gå og springa om ein annan.

Av og til tok eg ein stopp og såg rundt meg...Ulvanåso..


...Fjellandsbø...

Heimover hadde eg sola i andletet mesteparten av vegen og såg meir eller mindre ingenting framfor meg. Då sprang eg tungt på tå for å vera sikker på at ormen høyrte meg på lang avstand og flytta seg - LØYPE!

Ganske fint i kveldinga.

Spring mot lyset, Anita - Spring mot lyset, høyrte eg ei stemma ropa inni meg... ;-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)