søndag 1. juli 2012

Tur til Mauranger...

...stod på programmet i dag. Sidan veret ikkje var det aller beste planla vi biltur i stadenfor gåtur. Hadde tenkt å køyra opp mot fonna og så ta middagen i Olaløo på heimatte vegen. Slik gjekk det ikkje...

Før vi visste ordet av det befann vi oss nemleg her:

Opp forbi Tyssedal...

...laaaaangt opp forbi Tyssdal...

...heilt opp i Skjeggdal!

Og her fann vi mange nye turmål! Vi har f.eks notert oss klatretur opp taubana bak Stian på bilete her :-)

Vi køyrte så langt det er lov å køyra - inn til ein demning. Det gjekk ein grusveg vidare, men her kan ein kun sykla og gå. Vil ein ta turen til Trolltunga er dette f.eks ein veg å ta. Men, det er mange vegar som fører til Trolltunga - vi såg skilt det stod både 4 timar og 8-10 timar på. Trolltunga er forresten òg notert ned på turmålslista...




Mor og son på tur :-)

Det var ikkje så mange andre på tur her i dag - sikkert pga. veret. Men det er no eit folkeslag som finn fram til dei mest bortgjømte plassar...



...dei er no søte òg, desse tyskarane ;-)

Sidan vi var på biltur og ikkje gåtur blei det berre med ein liten tur ut på demingen for oss før vi snudde og køyrte ned igjen til Tyssedal. På veg ned fekk vi auga på ein "ufo-ring" nede i Tyssedal - den måtte vi sjølvsagt sjekka ut...


No var det vel strengt tatt ikkje ein "ufo-ring", men eit artig påfunn er det no :-)

Tyssedal er jo ikkje akkurat verdens navle, ei heller ei perle på jord (spør du meg), men det er imponerande kva dei har laga til av turopplegg og museum på ein slik liten plass. Vi har kanskje noko å læra her - det er jo igrunne berre til å bruka fantasien.

Så var spørsmålet om vi skulle køyra heim via Folgefonntunnelen igjen? Nei, er vi turistar, så er vi turistar - vi peisa vidare og brått satt vi på Rullestad Camping og hadde bestilt oss middag. Eg har høyrt så mykje skryt over Rullestad Camping så eg hadde forventa meg litt meir. Ikkje av maten og slikt - det var heilt ok - men av plassen. Kva gjere ein her?? Det var nokre få hytter og mange campingvogner - men eg såg ikkje noko opplegg med aktivitetar? Sit ein berre utforbi campingvogna si og skvaldrar med naboen i campingvogna ved sida av? Kva veit eg, eg syntes det såg litt kjedeleg ut, men kan henda eg berre ikkje såg godt nok etter...

På veg mot Skånevik og ferja måtte vi sjølvsagt ta ein kjapp stopp på Åkratunet òg. Her passa eg på å forsyna meg av alle dei turistbrosjyrane eg kunne finna - på jakt etter nye turmål. Eg syntes dei hadde eit imponerande opplag av alle brosjyrane - kvifor fann eg ut når eg kom i bilen og såg at eg hadde raska til meg brosjyrara både på norsk, tysk og engelsk...

Vi køyrte gamlevegen mot Skånevik - måtte jo sjekka om det var nokon som var å hoppa strikk over Trolljuv. Det hadde det sikkert vore tidlegare for dei dreiv å pakka saman då vi kom forbi. Sikkert lika greit - kven veit kva ein hadde latt seg frista til å gjera hvis ikkje?? Ha-ha, som om det nokon gong kjem på tale!

Så blei det ferja over Skånevik til Utåker og strake vegen heim - og då var igrunnen dagen gått.

Dette var ein fin tur å ta på ein litt grå søndag - og som vi kan anbefala. Vi skal i allefall tilbake for å utforska alle dei nye turmåla vi har funne oss i dag :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)