lørdag 30. juni 2012

Rosendal er det ikkje..


...så ofte eg besøker lenger. Med pendling til Høylandsbygd 5 dagar i veka blir det liksom ikkje tid til det. Men, i dag tenkte eg at eg fekk ta meg ein tur og kikka i butikkane - kanskje eg kunne finna ein bryllaupspresang?? Det gjorde eg ikkje. Som vanleg når eg skal kikka etter presangar, så enda eg opp kun med å handla til meg sjølv...Søte, små og fristande ting til meg sjølv..

Var ikkje desse små sukkertøyglasa nusselege? Dei måtte eg bare ha - og då måtte eg sjølvsagt handla sukkertøy å ha oppi òg. Alt fann eg på Stemning.

I tillegg fann eg noko eg burde ha fått ut fingeren og kjøpt for lenge sidan - nye knottar til skapet eg mala tidlegare i våres:

                                                       Blei så fint atte..

Dette var heile handelen i dag - ikkje så mykje, men eg er særs nøgd likevel:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)