torsdag 28. juni 2012

Då er vi i gang...

.....etter maaaaaange, laaaaaange år med venting! I dag måtte vi grytidleg opp for å reisa til Haugesund for å byrja å ta traktorlappen. Ja, ikkje eg då, men Stian :-) Så eg fylte opp bilen med to spente ungdomar, mor og far og tok ut. Sidan eg aldri køyrer i byar grudde eg meg litt på førehand - det er jo så gysla mange rundkøyringar i Haugesund! Skjønar jo eigentleg ikkje kvifor eg gruar meg til dei rundkøyringane - eg burde jo kunna dei ut og inn iom at eg tok lappen etter ei intensiv veka med køyring i nettopp Haugesund.... Likevel, det er jo ei lita stund sidan det no. Men, kartet på "Gule Sider" er jo heilt perfekt, og etter å ha "øvd" meg i fleire dagar på å komma igjennom den eine (1) rundkøyringa eg måtte igjennom for å komma til køyreskulen, så gjekk det jo heilt flott! Ja, faktisk så blei eg litt skuffa - eg var jo einaste bilen i nærleiken av rundkøyringa då vi endeleg kom dit så det var jo liksom ikkje så mykje som kunne gå gale...

To nøgde gutar etter at dagens køyring og lastesikringskurs er unnagjort. (Og ja, eg fekk dei til å stilla opp med sola midt i mot..)

Gutane skulle tilbringa nesten heile dagen på køyreskulen så då måtte vi andre finna på noko anna i mellomtida. Oppløfta av suksessen med å komma meg igjennom den eine (1) rundkøyringa eg skulle igjennom var sjølvtilliten på topp og eg heiv eg meg utan heft ut i trafikken igjen - fyrst strake vegen til Amandasenteret. No skulle det jaktas på kjole til neste helgs bryllaup!

Med mor på slep, og delvis far, blei det butikk ut og butikk inn - kjole på og kjole av...På Amandasenteret fann eg ein shorts...Den kan eg ikkje gå i bryllaup med...Pakka mor og far i bilen igjen og sikta meg inn på Oasen - på den splitter nye vegen! Og for ein strålande idè å laga veg "bak" Amandasenteret og ned mot Karmøybrua - kvifor har dei ikkje tenkt på det før? No tar det knappe 3-5 minutter frå Amandasenteret til Oasen! Og halvvegs nede svinger ein berre av til høgre så er ein på eit blunk på køyreskulen òg. Eg var veldig nøgd med denne vegen :-) Så nøgd at eg rasa opp og ned eit par gonger...

På Oasen fann eg til slutt ein kjole. Veit ikkje om eg er heilt nøgd, men det blir sikkert bra når eg får stæsja meg opp ;-) Eigentleg kunne eg ha håpa at det brått blei in med hold-in kjoler  - utan kjole utanpå - for dei sat faktisk som eit skudd. Men, det skjer vel ikkje, i allefall ikkje på ei veka, så her må det trøs hardt til med sykling, jogging, zumba og salat fram til neste laurdag... Ellers så får vel trøysta vera at det tross alt ikkje er brudgommens syster som skal glitra denne dagen :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)