mandag 6. august 2012

Opp med henda alle som vakna søndag morgon -

og tenkte: "Javisst skal eg på Englafjell i dag!"

Då Ann Irene spurte meg på butikken på laurdag om eg skulle vera med til Englafjell i dag svara eg sjølvsagt at det skulle ordna seg. Og dette sjølv om eg visste utmerka godt at eg skulle tilbringa gårsdagens kveld/natt på Festidalen. Og skrytepave som eg er gjekk eg sjølvsagt rundt å skraut på meg denne turen utover natta - lenge før eg hadde tatt eit einaste steg opp fjellsida...

Så då meldinga kom kl. 0900 i dag tidleg (som forventa) hadde eg jo ikkje noko anna valg enn å pakka sekken...(etter å ha bedt om eit par timars ekstra sovetid). Heldigvis var faktisk formen heilt tipp topp - dei må ha hatt noko i cideren på Festidalen som ein ikkje får andre plassar...

Anyway - kl. 1200 langa vi ut opp Eikedalen i flott sommarver - i allefall tok det ikkje lang tid før vi begge måtte hiva T-skjortene og vandra ganske så lettkledde oppover.

Det ligg enda ein liten snøflekk i Skaret.

Nope - vi ombestemte oss ikkje. Hadde vi bestemt oss for Englafjell, så skulle det bli Engalfjell.

Ganske så idyllisk ved Eikehytta :-)

Det gjekk faktisk ganskje greit å gå idag - ikkje noko hiving etter pusten og utstyr som måtte utav sekken for å letta på børa..

Ann Irene i fint driv - dette var medan eg framleis hadde ho innan rekkevidde..

For noko tempo å snakka om skal eg no ikkje skryta på meg at eg hadde i dag. Det gjekk i luskefart oppover. I tillegg hadde eg jo dratt med meg det nye kameraet rundt halsen som eg gjekk og sjonglerte med. Enkelte plassar må ein jo klatra på alle fira og då er det ikkje så enkelt når ein skal passa på å ikkje knusa linsa mot ein stein. Etterkvart måtte eg gje meg på tap og putta det i sekken..

Nok ein plass vi hadde anledning til å ombestemma oss, men nei..

Etterkvart forsvann Klatremus ut av synet og eg måtte kava meg oppover på eiga hand..

Og på eiga hand meinar eg bokstavleg. Då eg skulle byrja på siste etappe opp mot Englafjell var Ann Irene allereie halvvegs oppe. Og når eg kikka opp på ho, såg det ut til at ho spankulerte så fint oppover - eg derimot måtte ned på alle fira for å komma meg opp. Eg fulgte no dei raude T-ane, men brått fann eg ikkje fleire - det var stopp midt i bakken? Ein kikk til høgre og der fortsatte dei borti lia - har nokon laga ein blindveg opp?? I allefall gjekk det mykje lettare då eg hadde kava meg bort til desse T-ane - brått kunne eg gå oppreist resten av vegen :-)

Og då eg endeleg kom opp sat Ann Irene så nøgd å naut nista si ved varden.


I den grad det går ann å nyta ei nista som består av knekkebrød, då.. A.Enæs hadde i allefall ikkje slete seg opp til Englafjell for å nyta knekkebrød - nei, skikkeleg nista må til..



Fenalår, eggerøra og skjeva passa betre. Potetene mine hadde slått rot på kjøkenbenken medan eg var i det store utland, så då fekk det berre vera med dei.

Litt disig utsikt frå Englafjell i dag. Eg er redd det betyr at turen må gjentas når høsten og den klare lufta kjem.. 

Utsikt mot Manen....

...Mannsvatn og dalen..

...og Rosendal i det fjerne.

Vi hadde bestemt oss for å gå heimover via Såto, for den vegen hadde vi aldri gått før. Det skulle bli ein laaaaaaang og braaaaaat tur. Det eine kneet mitt syntes faktisk det var nok å gå opp på Englafjell i dag og syntes ikkje det var noko stas og ta på heim i det heile tatt. Men, kva skal ein gjera - ned må ein jo.. Så då var det å hiva innpå to Pinex og la det stå til.

Mykje stein på veg ned - Haltepink hinka i veg så godt ho kunne.

Endeleg kunne vi skimta bygda, men framleis var det ein lang og vond veg ned.

Men, vakker utsikt over Uskedalen i sol fekk vi no etterkvart :-)

Vi tåler eit til..

Og av dalen :-)

Og hjem, kjære hjem :-)

Vi fulgte stien heimover og då Ann Irene gaula ut "Eg har funne vegen!" blei eg så letta og glad eg nesten måtte ty til tårene. Den gleda skulle snart gå over... Eg skjønar ikkje korleis eg fekk det til, og eg tør nesten ikkje skriva det, men på ein eller annan merkeleg måte klarte eg å rota meg vekk på denne vegen.. Eg langa avgårde oppover for å finna stegen eg skulle klyva over for å komma meg over elva og bort på Sørestølen, men ikkje søren om eg fann han. Tilslutt måtte eg ringa Ann Irene og berre be ho køyra heim for eg hadde på følelsen at eg var halvvegs på veg opp mot Flåtene og igjen og aldeles på villspor. Hinka meg nedover vegen igjen - framleis ingen stege - har nokon fjerna han?? Skar ut i villmarken til slutt og gjekk mot elva, men det var jo så tilgrodd og greier at eg blei jo berre springande som ein forvirra hjortekalv att og fram i skauen. Tålmodet var på bristepunktet og eg kan lova at det ALDRI er blitt banna så MYKJE og så HØGT på den sida av elva før! Tilslutt kom eg no ut i ein liten lysning og gjekk rett på brua. Eg anar verkeleg ikkje kva eg dreiv på med der ei stund - kan det ha vore cidaren som slo ut litt vel seint??

Ja, ja, det skulle no tatt seg ut at ein måtte senda ut etterlysning etter meg på Sørestølen... Men, eg kom no fram til bilen omsider, eg òg. Då var det temmeleg nøyaktig 8 timar sidan eg byrja turen - så i dag har vi verkeleg vore på tur :-) Eller i går, blir det vel no :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)