søndag 30. september 2012

Merkeleg kor raskt ting endrar seg,

i grunnen!

I den eine augneblinken innbillar ein seg at ein er ballets' dronning og "queen of the night", og så eit halvt døger seinare står ein framfor spegelen og må innsjå at:" Jepp, det er nok eg som er Ringaren i Notre Dame og no er eg altfor seint ute med å ringa i kyrkjeklokkene!".

Sånn starta i allefall dagen min i dag ;-) Og begge delar trur eg at eg vil skylda på ein aldri så liten overdose Mojito i går kveld/natt... Eg har nemleg oppdaga at dei no sel Mojito i pappkartong på Polet :-) Og på Systrene Nilsen...Ja, no hadde dei den vel strengt tatt ikkje i kartong på Systrene Nilsen, men Mojito hadde dei okkesom. Men, då eg stod opp i dag tenkte eg vel at eg kunne ha begrensa inntaket litt.... Men, aldri så gale at det ikkje er godt for noko - eg reknar med at eg i løpet av kvelden/natta fekk i meg så store dosar med mynte at eg no har frisk pust til vi passerar jul..

Anyway, sånne dagar er det veldig greit å veta at det er SØNDAG og det er INGENTING som må gjerast! Ein kan rett og slett bruka dagen på eigenpleie :-)

Så i dag blei det servert:

Skikkeleg cowboyfrukost! Det hjelper faktisk på det meste. Etter dette inntaket var eg ei lita stund klar for å senda ei melding til jentene og spørja om dei var klare for tur, men før eg fekk fram mobilen så opna jo sjølvsagt himmelens sluser seg igjen...
 
Så kva skulle ein finna på då?
 
Jo, kanskje det kunne vera godt med ei ansiktsmaske i dag? Anti-stress - sikkert flott! Eg blei litt i tvil då eg opna pakken og fann ei blå/grønn gusjegreie som lukta som ei blanding av zalo og minttannkrem, men det heiter jo at ein skal lide for skjønnheten..
 
Ei lita stund tenkte eg at eg aldri skulle vaska vekk denne maska - eg vart jo så blank, glatt og oppstrama som eg aldri hadde vore før. Men, så gjekk det jo berre ei lita stund så såg det ut som om eg bokstaveleg tala haldt på å gå ut av mitt gode skinn..
 
Men, eigenpleie gjeld jo ikkje berre utsida - ein må huksa på innsida òg:
 
Og det passar ei eplekake perfekt til! Ja, eg er visst blitt litt hekta på eplekake for tida - denne gongen baka med heilt lovleg kjøpte epler frå Spar :-)
 
Så skulle eg krypa opp i sofaen og det einaste eg skulle tilbringa resten av dagen med var å strikka ferdig ein sokk. Og akkurat i det eg tenkte desse tankane heiv eg eit blikk ut vindauga og innsåg at parkeringsplassen var tom for bil... Så då var det ikkje anna å gjera enn å hiva på seg regnkler og luska seg bort i bygda for å henta heim bilen igjen. Så då fekk eg jammen litt mosjon òg :-)
 
 
Men, no, no skal eg ikkje gjera noko meir i dag enn å strikka ferdig sokken. Søndagar er flotte greier - kan vi ikkje innføra ein midt i veka òg??
 
 


 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)