søndag 14. oktober 2012

Helt om natten, helt om...

...dagen!

No har eg budd i sofaen så lenge at det var på tide å vakna til live igjen! Og då byrja eg med å åla meg inn i discodrakta for å feira ein 40-årsdag i går kveld/natt:

Gulp! Ja, ja, ein får kle seg i det ein har kropp til (!?!)....
 
 
Men det var ikkje noko tid til å ligga frampå i dag for å kvila etter ein særs vellukka kveld i Helgheim - eg hadde nemleg lova meg vekk på tur til:
 
Gardshamrane i dag.
 
Så då var det berre til å komma seg tidleg utav køyen, laga nista, pakka sekken og venta på å bli henta.
 
Turfylgje mitt i dag opp Keisarstien.
 
Utsikt over Bondhusvatnet på veg opp.
 
Og utsikt ned mot fjorden og Mauranger.
 
Flott turver i dag - litt overskya, men òg sol innimellom. Men, som dåke ser ligg det snø på fjelltoppane og då vi nærma oss Gardshamrane fann vi tegn på at no er vintaren på veg.
 

 
Istappane hang langs bergknausane og stien byrja bli isete enkelte plassar.
 
Etter ca. 2 timar gåing frå parkeringsplassen nærma vi oss endeleg Gardshamrane :-)
 
Fleire vintartegn.
 
Litt kald trekk på toppen, men det kunne vi ikkje bry oss med - det var til for kvile og lunsj....
 


...og då måtte vi jo sjølvsagt ta fram Keisarstikrunene våre! Og hvis det er nokon som lurer på bakgrunnen til at vi sit her og glitrar med fjærkre på hovudet kan dei gå inn her og lesa om forrige års tur opp Keisarstien :-) I Keisarens fotspor
 




 
Eg trudde forresten vi gjekk turen langt uti oktober i fjor, men ser no at det faktisk ikkje var seinare enn 1.oktober. Likevel - den dagen var det strålande fint og + 20 varmegrader. I dag 14. oktober eit år seinare låg snøflekkane på bakken rundt oss. Det vart difor ganske så kaldt på øyrene med desse krunene på i dag, så dei blei raskt bytta ut med huer. Legg forresten merke til den nusselege champagneflaska vi fann på polet på Os - innhaldet går akkurat i 3 glas så den passa perfekt til turniste :-) Men eg må vel innrømma at eit par slurkar var nok i dag, lurar på kvifor...
 
Ingenting å seia på denne utsikta :-)
 
Gardshamrane.
 
Flott når sola titta fram.
 
 
Og så var det på tide å ta på seg sekkane att og ta fatt på alle svingane ned stien igjen. Keisarstien er heilt grei å gå. Eg synes det er verst i byrjinga, men så kjem ein i siget og då går det av seg sjølv oppover.
 
 
Godt nøgd med dagens tur :-) Når eg ser korleis turantrekket sit på slår det meg at eg kanskje heller faktisk burde ha gått turen i discodrakta - den haldt i allefall ting på plass... ;-)
 
Nok ein flott tur som kan anbefalast!

 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)