søndag 2. desember 2012

2. luke i Anita's julekalender...

...skal opnast i dag :-)

SPAR har invitert store og små (og gamle, tenkte vi) til å laga pepperkakeutstilling. Og då måtte vi jo berre hiva oss rundt og setja igang. Hvis det var nokon som såg meg gå igjennom bygda i går ettermiddag med tung sekk, så klirra det ikkje i den - den var full av snop og bakeutstyr! Eg var litt redd for å bli overkøyrt på vegen og at vedkommande skulle tru han/ho hadde tatt livet av ein julebukk....

Vi skulle i allefall ikkje sleppa opp for deig og pynt :-)
 
Men kva skulle vi bygga? Ann Irene trudde hos skulle laga ei vakker kyrkja - akk, så feil går det ann å ta! For kva er vel ikkje meir naturleg enn å gjenskapa det styrste som skjedde i Uskedalen i 2012? Valget gav seg sjølv og vi skred til verket:
 




Ann Irene og Egil konstruerte, Marit kjelva og baka og eg, eg eh..mph..kommanderte....
 
....og tok meg av publikum litt detaljar ;-)
 
Tida gjekk - det tar faktisk tid når ein skal baka og laga slike ting frå botnen av. Litt bekymringar for at veggene ikkje var for harde, maling ikkje ville tørka etc. blei fortrengt med litt gløgg og godt i glaset ;-)
 
Greit å ha Egil og skikkeleg kjøkenverkty når ein har bomma litt på proposjonane :-)
 
 

Stadig nye detaljar kom på plass.
 
Limemeister Ann Irene. Eg tur ho var nøgd med at vi forkasta kyrkjeideèn, eg :-) Sjølv om ho sikkert hadde klart å laga det og med glans. Mest løyen var ho då ho, etter å ha sete midt i dette rotet i timarsvis, søla ein liten skvett eit eller anna på golvet og byrja å beklaga seg noko voldsomt - skulle tur ho hadde øydelagt for millionar. Hellu - no byrjar du beklaga deg over søleriet?? :-)
 
 
No hadde vi halde på i bortimot 5 korte timar og byggverket byrja reisa seg. Det er sant som dei seier - løye kor fort tida går når ein har det moro!
 
Baren var komen opp og snart skulle folket strauma til..
 
Bandet står klart på scenen..
 
Sponsorplakaten er komen på gjerdet. Litt usikker kven som rir på grisen - det kom inn forslag, men på kven tør eg ikkje skriva..
 
Sist, men ikkje minst - skilta og lysshowet er komen på plass og då er det vel ikkje lenger tvil om kva vi, 3 godt vaksne damer på 40+ brukte nesten 5 og ein halv time av laurdagskvelden på i går:
 
Folkens, la meg få presentera kva som befinn seg bak luke nr. 2 i Anita's julekalender 2012:
 
Ein tru kopi av Seigmen konserten på Festidalen 2012!
 
(No er eg mest spent på om byggverket står seg lenge nok til at vi faktisk klarar å få det ned i hylla på SPAR - det byrja å vakla litt allereie i går kveld....)

 
 

 


1 kommentar:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)