lørdag 1. desember 2012

1. luke i Anita's julekalender 2012....

... er opna!

Og for ei luke! Kven skulle tru at vi skulle vakna opp til snø og skikkeleg julestemning 1.desember 2012? Dei som har fylgt med på vermeldingane kanskje, og så kom jo faktisk snøen i går, men dog - for eit vakkert syn å stå opp til i dag:

Snø, solkledde fjell og og Skorpo ser ut som eit julekort!
 
Eg fekk testa zoomlinsa mi, og som dåke ser - skulle det befinna seg lettkledde kjendisar å kaiane på Skorpo til sommaren så kan eg stilla som paparazzi ;-)
 
Holmen har byrja kle seg til jul...
 
Fjell på fjell - snø og sol!
 
Men så fekk den zoomlinsa ligga - det går ann å få til blinkskudd nærare enn dette. Eller kva synes dåke om denne:
 

Høsten på hell - no får vintaren sleppa til.
 
 
No er det vel slik at det berra skal vera ein ting bak lukene om gangen i ein julekalender, så her kjem det som eigentleg skjulte seg bak den fyrste luka i Anita's julekalender 2012:
 

Ei rose som har pynta seg for julebord i kveld??
 
Tida flyr og det er mykje som skal gjerast i dag så:
 
Ha ein flott 1.desember, folkens!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)